Årsaka er at karta ikkje blir vurdert til å halde mål. Dei er ikkje kvalitetssikra av Statens Kartverk, og leverandøren oppdaterer dei heller ikkje umiddelbart når det kjem nye kart basert på nye oppmålingar.

På grunn av denne avtalen var kartet som statslos Vermund Halhjem kunne laste ned frå internett over farvatnet i Vatlestraumen ikkje korrekt.

Kartet var levert av selskapet C-MAP, og basert på det gamle sjøkartet for området, ikkje det nye. Hovudoppmålinga som låg til grunn for kartet var gjort før 1941.

Kartet vart ikkje brukt av Halhjem ute på båtane, men skulle hjelpe han og kollegane hans med å halde seg oppdatert om endringar i farvatna dei trafikkerer dagleg.

Gjorde 121 endringar

Nye oppmålingar som vart gjort ute i terrenget frå 1988-91 viste blant anna at grunna der «Rocknes» gjekk på grunn ligg lengre ut i sundet enn tidlegare kjent.

Denne endringa vart tatt inn på det nye papirkartet som Statens Kartverk gav ut i februar 2003, og vart også umiddelbart lagt inn på dei autoriserte elektroniske sjøkarta som er å få kjøpt. Berre på dette kartbladet, nr. 21, vart det gjort 121 endringar etter nyoppmålinga.

Men Kystverket har ikkje funne det nødvendig å gi losane sine tilgang til dei autoriserte elektroniske sjøkarta. Losanes arbeidsgjevar har i staden vald å inngå ein avtale om innkjøp av uautoriserte og langt billegare elektroniske kart.

Dette er gjort trass i at skip som går langs Norskekysten ikkje har lov til å bruke desse såkalla hjelpekarta som hovudnavigasjonmiddel.

Kvaliteten blir vurdert som så upåliteleg at regelverket krev ein oppdatert papirversjon på brua, den elektroniske utgåva som losane har tilgang til gjennom Kystverket er ikkje god nok.

Justeringane ikkje tatt inn

Avtalen som Kystverket har gjort med C-MAP har vart i tre år, og er ein del av opplegget for å halde losane oppdatert. Statslos Halhjem fortalde om systemet under sjøforklaringa i går:

Primærkjelda for oppdatering er «Etterretning for sjøfarende», eit hefte som blir gitt ut annakvar veke, og der sentrale endringar på kartet blir varsla. Losane får dette heftet tilsendt. Men justeringane i Vatlestraumen vart aldri meldt her.

I tillegg kan losane velje mellom to tilleggskjelder for fagleg påfyll: Dei kan anten få økonomisk støtte til innkjøp av nye papirkart etter som dei blir gitt ut, eller dei kan få eit abonnement på den elektroniske karttenesta frå C-MAP. Vermund Halhjem hadde vald den siste løysinga.

18 gonger så dyr

Direktør Tor A. Svanes i C-MAP stadfestar at karta som losane har tilgang til ikkje er autorisert som navigasjonmiddel om bord på skip.

— Det var denne løysinga Kystverket valde. Vi tilbyr også autoriserte oppdaterte kart for heime-PCar. Eg veit ikkje kvifor Kystverket valde slik dei gjorde, seier Svanes.

Ei forklaring kan vere prisen: Dei statleg kvalitetssikra karta som C-MAP leverer kostar ca. 18 gonger så mykje som dei uautoriserte.

Svanes stadfestar også at det elektroniske kartet for Vatlestraumen som var tilgjengeleg for losane bygde på det gamle kartet.

— Vi har ein ny versjon i produksjon, men denne er ikkje klar ennå, seier Svanes.

- Heilt uhaldbart

Direktør i Sjøkartverket Frode Klepsvik fekk for få dagar sidan vite om avtalen mellom Kystverket og C-MAP.

— Og eg har også sagt ifrå om kva eg meiner om dette: Eg meiner at det er heilt uhaldbart. Og det seier eg med bakgrunn i mange års arbeid med tryggleik. Vi i Statens Kartverk har ingen kommersielle interesser i dette, vi leverer berre datagrunnlaget, seier Klepsvik.

Leiinga i Kystverket nekta i går å kommentere noko som helst vedrørande kartavtalen dei har inngått med C-MAP for losane.

— Vi føler at det blir feil å snakke om dette nå, i og med at det truleg vil bli tema seinare i sjøforklaringa, seier informasjonssjef Ove Arvesen i Kystverket.