14. februar i år blei ei godsvogn parkert på eit sidespor på Voss stasjon. Nokre minutt seinare byrja vogna å rulle frå sporet.

Sporvekslaren førte vognen rett inn på spor 1 — der eit passasjertog sto stille på stasjonen. Det var ingen barrierer eller avsporingsalternativ på vegen.

Etter å ha rulla 260 meter, køyrde vogna inn i toget. Farta var rundt 20 kilometer i timen, ifølgje Havarikommisjonen.

«Kraftig dunk»

Passasjerane om bord merka «et kraftig dunk», men ingen blei skada.

Havarikommisjonen kom i dag med sin ulykkesrapport etter hendinga. Dei karakteriserer den som alvorleg, særleg på grunn av ulykka på Sjursøya i Oslo.

Den gang, i 2010, rulla eit vognsett med godsvogner frå Alnabru godsterminal til Sjursøya, uten at det var mogleg å spore av dei løpske vognene. Tre personar omkom i kollisjonen.

«Denne hendelsen har likhetstrekk med ulykken og viser at sikkerhetsproblemet fortsatt eksisterer», skriv Havarikommisjonen.

To killometer til motbakke

Ifølgje dei, kunne godsvogna på Voss ha rulla ukontrollert i to kilometer inntil det blei motbakke, om ikkje passasjertoget på Voss stasjon hadde tatt støyten.

Kommisjonens rapport seier at stasjonspersonalet har forklart at dei tok på vognas parkeringsbremser. Etter kollisjonen låg bremseklossane likevel ikkje inntil, slik at vogna «i praksis ikke hadde fungerende bremser».

Det var snø på stasjonsområdet, og personalet har forklart til kommisjonen at is og snø kan ha blitt pakka mellom bremsekloss og vogn, for så å smelte.

Prosedyre blei ikkje laga

Ei analyse ved Voss stasjon gjort i 2010 viste at det var risiko for nettopp ei slik ulykke. Konklusjonen var at risikoen blei sett som «akseptabel» ved å innføre ei prosedyre for å hindre at sporvekslaren sto feil.

«Men de foreslåtte tiltak hadde aldri blitt gjennomført», skriv Havarikommisjonen.

Ifølgje kommisjonen, blei ikkje vogna parkert på sidesporet etter regelverket, fordi det ikkje var avledningsalternativ for vogna.

Dei kjem med ei tryggleikstilråding om at Jernbaneverket skal verifisere at parkeringsstadar for vogner og lokomotiv alltid har barrierer.

PASSASJERTOGET: Dette toget sto på spor 1 på Voss stasjon då godsvogna køyrde inn i det. Passasjerane merka eit kraftig dunk, ifølgje Havarikommisjonen.
NSB
SKADEN: Dette blei skaden på passasjertoget då godsvogna køyrde inn det.
NSB