Det var Hydro Årdal som sjølv fatta mistanke sist vinter, etter at verksemda kjøpte inn omsmeltemetall som viste seg å vere stole frå dei sjølv.

Krev million-erstatning

Under ein samordna politiaksjon i Sogn og Buskerud vart den utrulege sakea rulla opp. Hovudmannen har ifølgje politiet tilstått, og sist fredag fremma Hydro sitt krav på 1,072 millionar kroner mot mennene.

— Hovudmannen har erkjent grovt tjuveri av 55 tonn metall frå verksområdet i Årdal, opplyser politiadvokat Terje Gjertsen ved Fjordane politidistrikt.

Ifølgje Gjertsen var den 43 år gamle mannen tilsett i eit firma som hadde oppdrag inne på Hydro sitt verksområde i Årdal. Her har han forsynt seg av såkalla skrapaluminium, altså restar og avskjer frå blant anna støyperiet. Heile 55 tonn av dette metallet har han frakta ut frå industriområdet utan at nokon slo alarm eller stilte spørsmål.

Utanfor fabrikkportane sto broren hans klar til å frakte tjuvegodset vidare over til minst to skraphandlar-verksemder på Austlandet.

Minst 23 turar

Politiet vurderer no å sikte også skraphandlarane for heleri av metallet.

Etter at saken vart meld, gjekk politiet den 28. mars i år til pågriping og ransaking hjå alle dei tre brørne. I tillegg gjekk dei til aksjon og ransaka minst to skraphandlarverksemder på Austlandet.

— Vi slo til på seks ulike stader på same tid. Det var ein godt samordna aksjon mellom politiets øko-team i Sogn og Fjordane og i Buskerud, seier Gjertsen.

Tjuveria skal ha skjedd i perioden 2004 og 2005, og ifølgje politiet reiste brørne minst 23 turar frå Årdal til Austlandet med bilen søkklasta av stolen aluminium.

Sjef for helse, miljø og sikkerhet (HMS) ved Hydro Årdal, Steinar Frosta, ønskjer ikkje å kommentere korleis mennene stadig klarte å komme seg ut frå det inngjerda og bevokta industriområdet med det omfangsrike tjuvegodset.

Kjøpte sitt eige metall

Som ein av landets største kundar av såkalla omsmeltemetall, fatta folk ved Hydro mistanke då dei såg metallet dei hadde fått inn frå skraphandlarane på Austlandet.

— Alt tyder på at Hydro i Årdal har kjøpt tilbake deler av det metallet som var stole frå dei, seier politiadvokat Gjertsen. - Det var slik saka først vart oppdaga.

Ifølgje politiet har hovudmannen lagt alle korta på bordet og samtykka i å bli dømt i ei såkalla tilståingssak i retten.

Siktinga mot bror nummer to (33) er enno ikkje klar. Bror nummer tre (36) var kun med på ein transport og har vedtatt ei bot på 10.000 kroner pluss inndraging av 3.000 kroner.

Advokat Kari Vigen er forsvarar for den 43 år gamle hovudmannen, og stadfestar at det er aktuelt med ein tilståingsdom for sin klient.

Ut over dette ønskjer ho ikkje å kommentere saken.