Valresultatet er ikkje uventa, og kan ikkje tolkast som noko anna enn ei solid tillitserklæring til Ap-ordføraren.

Longva har fått æra for å ha berga bilfelgfabrikken Fundo, og dermed over 300 arbeidsplassar. Også nye industriarbeidsplassar er på veg til sognebygda.

Hans glimrande resultat i industripolitikken, gjer at høyangringane også set sin lit til at ordføraren skal berge aluminiumverket.

Ap har alltid stått sterkt i Høyanger. Gårsdagens resultat er ein framgang på over 15 prosentpoeng samanlikna med valet for fire år sidan. Partiet får 11 av 21 representantar i kommunestyret.

Longva har fått æra for å ha berga bilfelgfabrikken Fundo, og dermed over 300 arbeidsplassar. Det ga full uttelling på valgdagen.
Dan-Erik Aggvin