Det seier leiaren av gjeldsnemnda, advokat Knut Ro, til Bergens Tidende.

— Løn har førsteprioritet. Det blir ikkje gjeldssanering om vi ikkje greier å finne ei løysing som dekker løna dei tilsette har til gode. Då blir det konkurs, seier advokaten.

Lønningsdag måndag

Førstkommande måndag er det løningsdag på felgfabrikken i Høyanger. I den førebelse driftsavtalen gjeldsnemnda har inngått med bankane og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), er det gitt garantiar for ny løn. Men ikkje for opptent løn dei tilsette har uteståande.

Dei over 350 tilsette har mellom sju og åtte millionar kroner uteståande, pengar som skulle gått inn på konto førstkommande måndag.

— Vi arbeider for å få til ei ordning som også sikrar at dei Fundo-tilsette får betalt ut løna dei har til gode. Så langt har vi ikkje komme til nokon avtale. Men det er framleis nokre dagar til måndag, minner Ro om.

Får pengane

Uansett kjem dei tilsette til å få litt i lønningsposen måndag, det sikrar avtalen om vidare drift.

Dersom det blir konkurs, vil fabrikkarbeidarane få løn frå lønsgarantifondet. Dette er ei ordning som sikrar at tilsette i konkursråka bedrifter får løn fram til datoen for konkursopning.

— Dei tilsette er sikra å få det dei har til gode. Men at det vil bli normal lønsutbetaling måndag, er vel tvilsamt, meiner Ro.

Utover spørsmål knytta kring løna til dei tilsette, ønskjer ikkje Knut Ro å kommentere dei pågåande gjeldsforhandlingane.

— Arbeidet går framover. Vi arbeider med ein del skisser, seier advokaten, som har det vanskeleg arbeidet med å få til ei gjeldsordning for eit selskap med over 300 millionar kroner i gjeld.