Det var tilsette i svømmehallen som varsla politiet om lag ein time etter at den ukjente hadde forlete hallen. Han skal ha opphelde seg der i rundt ein time før han forsvann klokka 15.

– Mannen hadde jakke og caps, og likna mykje på det bildet som verserer av den mistenkte, seier lensmann Bjørn Harding Karlsen i Sauda.

Mannen vart fanga opp av overvåkingskamera i hallen. Desse bilda er no sendt over til Kripos.

– Det er snakk om bilder av ein kvalitet som gjer at det ikkje går an å skjelne ansiktstrekka til mannen, seier lensmann Harding Karlsen til bt.no.

Politiet jakta på mannen i nærområdet søndag kveld, og alle patruljar i området var varsla. Også gjestebøker frå overnattingsplassar vart sjekka utan resultat.

– Vi er glade for tips i denne saka, og det var absolutt på sin plass å melde frå i dette tilfellet, seier lensmannen.

Så langt politiet kjenner til hadde den ukjente ikkje kontakt med barn i den tida han oppheldt seg i hallen.

Politiet