• Barnehagar headhuntar no førskulelærarar medan dei sit på skulebenken, og tilbyr frynsegode som gratis leilegheit og utdanning.
  • Førskulestudentane kan velje og vrake i jobbar, men mange av dei går rett inn i andre, betre betalte jobbar enn barnehage.— Vi er nøydde til å tenkje nytt, seier Cathrine Haugen, adm. direktør i Vappus-barnehagane i Bergen.

Denne veka byrjar barnehagekjeda med 24 barnehagar rundturen til lærarutdanningar på Vestlandet. Vappus skal oppsøkje studentane både i Sogndal, på Stord, ved Norsk Lærarakademi og Høgskulen i Bergen.

**Les mer:

Verst utanfor byane**

Målet er å kapre folk allereie før dei er ferdig utdanna førskulelærarar.

— Dei er svært ettertrakta, og mange har allereie fått tilbod om jobb no. Vi hentar dei tidlegare og tidlegare, seier Haugen.

Vil ikkje jobbe med barn

— Vi trur vi nesten kan velje og vrake når vi skal ut i arbeidslivet, seier Janette Hatløy og Kine Iren Bergsvik, som i mai er ferdig utdanna førskulelærarar ved Høgskulen i Bergen.

**Hans Mjelva:

Vi får det vi ber om**

I fjor kom barnehagar frå Austlandet til skulen for å lokke ferdige kandidatar over fjella. Tilbod om gratis leilegheit og gratis barnehageplass til ungane, er vanlege tilbod til ferdige kandidatar.

Jobb som pedagogisk leiar i ein ny barnehage er draumen for Hatløy og Bergsvik. Men fleire på deira kull vil ikkje jobbe med born etter enda utdanning.

— Medstudentar tener betre som ufaglærte vikarar i forsikringsbransjen enn dei vil gjere som ferdig utdanna førskulelærarar, seier Hatløy.

Utan nok fagfolk

I Hordaland driv stadig fleire barnehagar utan godkjent bemanning. Kravet til pedagogisk personale er ein pedagog pr. ni born frå 0 til 3 år og en pedagog pr. 18 born over tre år.

Kommunane i Hordaland har pr. februar i år gitt 122 dispensasjonar frå utdanningskravet til førskulelærarar, viser tal Fylkesmannen i Hordaland har samla inn. Det er meir enn dobbelt så mange som same tid i fjor. I januar i fjor vart det gjeve 52 dispensasjonar.

Det betyr at rundt 1200 barn i Hordaland ikkje får det pedagogiske tilbodet dei i følgje barnehagelova har krav på.

— Kommunane melder om at fleire barnehagar har svært få søkjarar på ledige stillingar. Det er aller verst å få kvalifisert personale til vikarstillingar, seier rådgjevar Marianne Svege hjå Fylkesmannen i Hordaland.

— Dette er ei urovekkjande utvikling. Det pedagogiske personalet er viktig for kvaliteten i barnehagane, seier ho.

- For mykje tilsyn

For få år sidan hadde Vappus, som tidlegare heitte Stiftelsen Husmødrenes barnehager, 100 søkjarar til ei stilling. I dag må dei nøye seg med fem-seks.

— Det har bakgrunn i den enorme barnehageutbygginga, samstundes som talet på utdanna førskulelærarar ikkje har auka nemneverdig, seier sjefen for Vappus-barnehagane.

Utdanningsforbundet er kritisk til det dei meiner har vore eit einsidig fokus dei siste åra på barnehageplassar.

— Mangelen på fagfolk gjer at barnehagen er meir eit tilsynstilbod enn eit tilbod prega av aktivitetar og mogelegheit for læring og opplevingar, seier Mimi Bjerkestrand, leiar for seksjon barnehage i Utdanningsforbundet.

Når målet om full barnehagedekning er nådd, vil 50.000 born mangle førskulelærarar, viser deira utrekningar.

Ørjan Deisz
Ørjan Deisz