– Verneområdestyret skal syte for ei heilskapleg forvalting basert på nasjonale og internasjonale føringar, heiter det i ei pressemelding frå miljøverndepartementet i samband med miljøvernminister Erik Solheim sitt besøk til Sogn og Fjordane i dag.

Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar skal vere sekretariat for dei lokale områdestyra, med fysisk plassering i geografisk tilknyting til verneområdet, som det heiter i pressemeldinga.

For departementet er det viktig å understreke samhandlinga med lokalmiljøet i vernearbeidet, ettersom verneforvaltinga møter stadig sterkare kritikk frå lokalmiljø rundt om i landet.

Enkeltkommunar kan sjølv bli tillagt verneansvar for små verneområde, heiter det i pressemeldinga. Regjeringa understrekar også at den nye ordninga vil gje næring til ei rekke lokale kompetansemiljø i distrikta.

Den nye forvaltingsmodellen vil bli endeleg presentert i budsjettproposisjonen for 2010.