Konklusjonen kjem fram i ei undersøking av suksessbedrifter i Sogn og Fjordane som Vestlandsforsking har gjennomført. Granskinga er gjort på oppdrag frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Statens Nærings— og Distriktsutviklingsfond (SND). Rappporten blei lagt fram då banken i går presenterte eit fylkesbarometer i Førde.

Granskinga avdekkjer langt på veg ei oppskrift for bedrifter som vil ha suksess. Først og fremst handlar det om lokale og aktive eigarar som pløyer overskotet tilbake i bedrifta.

Betaler godt

Eit oppsiktsvekkjande funn i granskinga er at bedrifter som lukkast, har relativt høgt lønsnivå. Nesten alle verksemdene som var med i undersøkinga, meiner dei betaler sine tilsette betre enn gjennomsnittet i bransjen. Høg kompetanse blir sett på som ein kritisk faktor for suksess. Det har bedriftsleiarane tatt konsekvensen av. Dei er villige til å betale godt for å sikre seg kunnskapsrike medarbeidarar.

I alt tolv firma har vore med i granskinga.

Bedriftene blei valt ut på bakgrunn av to kriterium: Eit driftsresultat som over tid har vore større enn gjennomsnittet innanfor si næring, og at verdien av omsetnaden har auka vesentleg dei siste par åra.

På lokale hender

Ti av dei tolv bedriftene blir drivne av lokale eigarar. I ni av dei er også aksjane på lokale hender. I åtte av dei tolv selskapa blir meir enn 75 prosent av overskotet ført tilbake til bedrifta. På denne måten blir eigenkapitalen stadig større og bedrifta meir solid.

Konklusjonen er at desse eigarane er meir oppteken av å byggje ei solid bedrift enn å hente ut stort utbyte til seg sjølve.

Ein annan slutning er at suksessen i dei utvalde bedriftene ikkje er tilfeldig. Stor vilje, hardt arbeid, bevisst planlegging og oppfølging ligg bak.

Eksport i motvind

Men sjølv om mange små og mellomstore bedrifter går svært godt, er det mange mørke skyer over næringslivet i Sogn og Fjordane. Talet på sysselsette gjekk ned i 2002. Heile 1500 menn gjekk ut av arbeidslivet, eit svært høgt tal.

Grunnen er vanskane i industrien, landbruket og fiskerinæringa. Men berre 200 av desse hamna på arbeidsløysetrygd, resten gjekk over på andre ordningar som førtidspensjon, alders- eller uføretrygd.

Kvinnene står for motsett tendens. I 2002 var det 500 fleire yrkesaktive kvinner enn året før. Eit anna døme på motvinden om bles over fylket er at talet på nyetableringar går ned. Sogn og Fjordane var i fjor einaste fylket med nedgang i talet på nyetableringar.