Ei klage til Sivilombodsmannen gjer at alle kan få innsyn kven Høyanger Næringsutvikling har gitt støtte til sidan 2000.

Næringsselskapet, der kommunen eig 49 prosent av aksjane, har ikkje ville offentleggjere kven som har fått tilskot frå selskapet.

Styreleiar Kjartan Longva grunngav kvifor i ein e-post til Bergens Tidende i vår: «Løyvingar frå Høyanger Næringsutvikling AS er etter vedtak i styret unnateke offentlegheit. Bakgrunnen for det er at vi ein gong offentleggjorde dei som hadde fått støtte, og fekk svært mange negative tilbakemeldingar. Våre kundar, som kjem til HNU med forretningsidear eller prosjekt er såleis garantert at desse ikkje vert offentleggjorde frå HNU si side.»

Endra praksis

No har HNU endra syn, og vil offentleggjere tildelingane etter mønster av Innovasjon Norge. Alle tildelingane i 2009 ligg ute på internettsida til selskapet.

Men tidlegare vedtak har ikkje selskapet ville offentleggjere. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har også gitt selskapet medhald i at opplysningane ikkje treng å offentleggjerast.

Bergens Tidende har klaga Fylkesmannen sitt vedtak inn for Sivilombodsmannen. Saka er ikkje ferdig handsama. Men i samband med sakshandsaminga har Høyanger Næringsutvikling sendt Fylkesmannen ei oversikt over kven som har fått støtte og kor mykje dei har fått i åra 2000–2008. Og den oversikta fann Fylkesmannen ingen grunn til å halde hemmeleg.

Tomta er klar

Blant anna har Nordic Power Systems og forløparen APU fått nesten 1,8 millionar kroner frå HNU. I tillegg ligg ei ferdig opparbeidd tomt til 5,5 millionar kroner klar for bedrifta på Kyrkjebø i Høyanger.

Hexagon er eit børsnotert selskap som er medeigar i Carbontech, ei verksemd som skal produsere karbonfiber, eit materiale som mellom anna vert brukt i hurtigbåtar.

Begge desse bedriftene arbeider framleis med å utvikle teknologien.

Tunellboreutstyrsprodusenten Split Ring er langt på veg lagt på is, sidan utstyret ikkje har fått gjennomslag i marknaden.