Etter planen skulle endane på brua på plass i fjor haust, men då måtte kranskipet gje opp på grunn av dårleg ver. Også i går var dønningane for store. Det Ugland-eigde kranskipet blei liggjande og løfte på den knapt 250 tonn tunge stålkonstruksjonen midt i sundet.

— Vi håpar på rolegare ver til kvelden, sa prosjektleiar Aril Hanekamhaug til Bergens Tidende i går ettermiddag.

Tre ferdiglaga element skal setjast saman, og til slutt danne den 286 meter lange brua over Olsundet. Bruelementa kjem ferdige til Bulandet, og skal rett og slett skruast saman. I denne omgang er planane å få på plass dei to utdragarane. I juni kjem midtseksjonen.

Og sjølv om det er tunge tak som blir tatt også denne gongen, kjem den verkelege styrkeprøven i sommar. Midtelementet er kring 600 tonn, og dette blir eitt av dei tyngste løfta som er gjort her i landet. Til det trengst to kranskip.

— Det er første gongen det blir bygt ei bru på denne måten. I tillegg gjer vanskelege straum- og vindforhold i Olsundet dette til ei utfordring. Det vi gjer her er utan tvil den mest kompliserte delen av heile veganlegget, seier Hanekamhaug.

Arbeidet på fylkesvegen mellom øyane Værlandet og Bulandet i Askvoll tok til i fjor sommar. Det nye vegsambandet blir totalt på 5,2 kilometer. Seks bruer utgjer til saman ein kilometer av den totale veglengda. Samla kostnader er kalkulert til i overkant av 160 millionar kroner. Heile veganlegget skal etter planen stå klar til jul.

TUNGT TAK: Kring 250 tonn veg bruelementet som det Ugland-eigde kranskipet «Uglen» løfta på i Bulandet i går. For stor sjø gjorde at første delen av brua framleis ikkje hadde blitt skrudd på plass i går ettermiddag. FOTO: ODDLEIV APNESETH