Vidar Sælen parkerte atter ein gong der han meiner han har lov til å stå: I vegkanten nedanfor hekken. Der stod bilen også då han vart offer for nabo og gaffeltruck-eigar Kent Ivar Mjølkeråen laurdag.

Mulig rettsmøte

Etter å ha studert dokumenta nøye er Mjølkeråen framleis fast overtydd om at Sælen ikkje har vegrett inn til sin eigen garasje, og at han heller ikkje har lov til å parkere utanfor huset sitt.

Dei er begge budde på å møtast i retten. Midhordland tingrett ba i dag Mjølkeråen om eit skriftleg tilsvar, etter at Sælens advokat Ole Reinert Berg-Olsen bad retten ileggje dagbøter på 3000 kroner så lenge Mjølkeråen sperrar Sælens innkjørsel.

Retten har ennå ikkje bestemt om kamphanane må møtast i retten, eller om kampen skal utøvast skriftleg gjennom brevveksling.

— Har ikkje anna p-plass

Det ikkje større synlege skadar på Mercedesen etter løfteoperasjonen i ettermiddag. Starta gjorde han også, om enn litt motvillig.

— Eg har ingen andre plassar å stå. Og eg har sjekka med kommunen at eg har lov til å parkere her. Då kan ikkje naboen gjere noko, seier Vidar Sælen.