Ei løe på Finne på Voss sto i full fyr i dag tidleg.

— Me hadde eit kvarters køyretid for å koma fram, men på den tida vart løa heilt overtent, seier brannsjef på Voss, David Skjerven.

Det var ingen dyr i bygningen, så brannfolka konsentrerte seg om nabohusa. To bustadhus og ein verkstad stod så nær varmen at det var fare på ferde.

— I verkstaden fekk vi vita at det skulle stå ei gassflaske. Det første vart å få den ut og vekk, fortel Skjerven.

Nabohuset var så varmt at det rauk av taket. To personar vart evakuert. Personane i det andre huset hadde kome seg ut sjølve.

Det vert no gjort ettersløkking på staden.

FOTO: Arnstein Karlsen