Ta Isolde og Walter Richter frå Østerrike, til dømes. Då dei var i Nautesund i fjor avtalte dei langtidsleige av ei hytte i tre månader i år. No har dei vore her sidan midten av april, og like godt leigd hytta for endå ein månad. Vi blir invitert inn på heimelaga hyllebærsaft, som Isolde (66) har kokt på tørka blomar av planten. Teppa på golvet hadde ho og Walter (82) med seg, og dei skal bli att i hytta som ei gåve når dei omsider reiser i slutten av august.

Aldri keisamt

— Å besøke Noreg er ein gammal draum for oss. Her i Nautesund er det supert. Eit herleg landskap. Det er fint heime også, men vi har jo ikkje fjordane, seier Walter.

— Men vert det ikkje keisamt å vere så lenge på ein stad?

— Å nei. Vi er blitt kjent med så mange som bur rundt her, fortel Isolde og viser fram norske vekeblad ho har fått av ei av sine nye kjenningar.

Dei fortel om kor stressande livet er i Østerrike, at alt skal gå fort, fort. Det minner mistenkeleg om den velkjende norske tidsklemma. Men tidsklemma finst ikkje i turistane sitt Nautesund. Einaste faste post på dagsprogrammet er å ta ein fisketur på fjorden. Om dei var landkrabbar før, verkar paret no like båtvande som innfødde der dei stig i båten og startar påhengsmotoren.

Nitten somrar i Nautesund

Men i dag blir det berre ein sveip på vågen. Hyttefolket er invitert på kaffi og kaker oppe i kafeteriaen. Det er også to andre eldre gjester på campingen, Maria og Werner Spriegade. Vertskapet i Nautesund, Reidun Vangsnes Dyrnes og Magnus Dyrnes vil markere at det er siste dagen før avreisa til ekteparet Spriegade. Normalt ville det berre bety å seie «auf wiedersehen».

Men ikkje i år.

Bubilen som Werner (76) på Reodor Felgen-vis bygde sjølv for tjueseks år sidan, står parkert på sin faste plass. Gummibåten er alt pakka saman og plassert på taket saman med fiskestengene, medan scooteren får plass på rampa bak på bilen. Inne i den rosa salongen fortel ekteparet at dei skal selja bubilen når dei kjem heim til Tyskland, til Wesseling, ein liten by mellom Køln og Bonn. Werner har levd med sjukdommen MS i mange år. Den nittande sommaren stamgjestene besøkjer Nautesund kan derfor bli den siste. «Vi reiser så lenge det går» har eg alltid sagt. No går det ikkje lenger, slår Werner fast.

I kvardagen har dei store petrokjemiske fabrikkar som naboar. Det som tel då er å kome til ein fredeleg plass, plukke kantarellar og bær - og fiske, sjølvsagt.

Tretten timars arbeidsdag

Pokalen som tronar på ei hylle i kafeteriaen er king size. Gjestene kjøpte den til vertskapet då Nautesund gjekk til topps i NRK Hordaland si kåring av fylkets beste campingplass. - Kan skjøna det var kjekt, seier Natalie Vangsnes (75), vel vitande om at stamgjestene var flittige innringarar i konkurransen. Mannen Gerhard (82) og ho byrja så smått med campinghytter i 1971. Tretti år etter tok dottera Reidun og mannen Magnus over. For lengst etablerte i Austrheim, der Magnus dreiv Dyrnes Elektroservice, var det ein stor overgang å flytte til Masfjorden for å bli campingvertar: - Det vert lange dagar i sesongen. Me byrjer i nitida om morgonen og er ofte ikkje ferdig før i titida om kvelden, seier Dyrnes, som har lagt bedrifta i Austrheim «i møllpose» inntil vidare. Reidun, som passar resepsjon og kiosk, serverer varm mat i kafeen kvar kveld, og i tillegg vaskar, fører rekneskap og tek mot bestillingar, driv ikkje akkurat dank, ho heller. Mangelen på fritid ser ho som det verste med å vere campingvert.

— Eg hadde to veker i Syden i februar. Men yrket har også sine gode sider:

Ingen her-kjem-eg-gjester

— Det beste er å ha så kjekke gjester. Mange kjem att år etter år, og ein vert jo glad i dei. Eg trur noko av grunnen til at dei trivst er at dette er ein liten, intim campingplass der det er lett å kome i kontakt både med vertskapet og med andre gjester. Og det er ingen her-kjem-eg-haldning blant folk som oppsøkjer slike avsides plassar. Dei er ute etter ro, fred og etter å nyte naturen, og mindre interessert i ein høgare standard, seier Reidun.

Men ei ting er det mange som vil ha på plass med det same dei kjem til Nautesund: - Båten. Dei skriv at båten må vere klar når dei kjem, og stig omtrent rett frå bilen og om bord i båten. Eg har aldri opplevd tidlegare at det å kome på sjøen er så viktig for folk!

FISKE: Omtrent kvar bidige dag legg Walter og Isolde Richter utpå med båten. Å fiske er den store lidenskapen for dei østerrikske pensjonistane. <p/>TOR HØVIK (foto)
LUNT: Med holmar utanfor ligg Nautesund Camping godt skjerma mot Fensfjorden. <p/> TOR HØVIK (foto)
TØFF FERIEGUT: Stian Kårstad Tran (5 ½) frå Bergen er på hytteferie i Nautesund for andre år på rad. Mamma Lillian Kårstad Tran har vore her mange gonger. - Det er ein stad eg har gode minne frå. Familien på seks grillar, fiskar og slappar av - og er klare for å bade dersom varmen og godveret slår til.<p/> TOR HØVIK (foto)
NITTEN SOMRAR: Werner og Maria Spriegades sjølvbygde bubil, ein Mercedes 79-modell, har gått 339.700 kilometer. - Men den er framleis ung, meiner Werner. Sjølv er han redd den nittande sommaren i Nautesund blir den siste. <p/> TOR HØVIK (foto)