Politimeisteren i Hordaland har teke ut tiltale mot Heimevernsoffiseren, basert på innhenta fråsegn frå Direktoratet for brann— og eksplosjonsvern.

Mannen må svara for seg i Nordhordland tingrett.

Politiet meiner at mannen har gjort seg skuldig i uvøren åtferd, eigna til å setta liv og helse i fare. Han er også tiltala for brot på våpenlova og alkohollova.

Det var onsdag 22. april 2000 at politiet kom over eit svært arsenal i den snart 65 år gamle mannen sitt bustadhus og garasje på Stanghelle. Her var store mengder ammunisjon (skarpe skot), handgranatar, dynamitt (TNT), fenghetter og uembalert krut, slik at dei kunne sjølvfatna og føra til kjedeeksplosjon. Eit klart brot på straffelova, meiner politiet.

Ekspertvurderingar og juridiske overlegningar om faremomentet skal vera ein av grunnane til at det har teke svært lang tid frå etterforskinga vart sett i gang i denne saka, til tiltalen vart utferda.

Etter våpenlova skal skytevåpen, eller ein vital våpendel, vera forsvarleg nedlåst. Også ammunisjon skal låsast ned.

Medan politifolka vart meir og meir storøygde over våpenarsenalet dei fann, kom dei også over eit heimebrenningsapparat.

Våpen, ammunisjon og sprengstoff skriv seg frå mannen si fortid som trugen tenar i Heimevernet. Etter det Bergens Tidende forstår, har eit tiltale om underslag også vore vurdert, men har stranda på foreldingsregelen. Det hadde gått meir enn ti år sidan dei tiltrudde midlane (våpen med meir) skulle ha vore levert attende til Forsvaret.