— Dette er det verste vi har sett i nyare tid. Funna er så alvorlege at dei har representert ein fare for liv og helse, seier miljøvernsjef Nils Erling Yndestad om tilhøva ved Nybø gjenbruksstasjon i Bremanger.

Ikkje minst eitt forhold vekte oppsikt under ein inspeksjon til mottaksanlegget ved Kalvåg i slutten av april. I ei tønne fann kontrollørane frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane natriumcyanid lagra saman med mange andre kjemikaliar, mellom dei syre. I kontakt med syre kan cyanid utvikle livsfarleg blåsyre.

Farleg stoff overalt

— Då snakkar vi om ein akutt farleg situasjon. Blåsyregass er, sjølv i ørsmå mengder, nok til å ta livet av mange, seier Yndesdal.

— Kvar kan cyaniden ha kome frå?

— Det veit vi ikkje. Vi reknar med at det må ha vore frå ei bedrift i området.

Rapporten frå inspeksjonen er graverande lesing. På område som ikkje var innelåst stod det lagra ulike typar farleg avfall. Ein 1000 liter tank merka som giftig og kraftframkallande kjemikalie stod og lak til grunnen. Propangassapparat var lagra inne i ein farleg avfallscontainer. Spesialavfall som sparepærer og lysstoffrør låg i eit fat med store mengder regnvatn. Asbest var blanda med anna avfall.

I gjerdet rundt bossplassen var det eit hol. Nøklar blei gitt ut utanom opningstid, slik at folk kunne kvitte seg med avfallet sitt. For dei som ikkje brukte opninga i gjerdet eller ordna seg med nøkkel, var det etablert ein praksis der folk berre kasta avfall over gjerdet. Mangla system

Nybø er eit mottaksanlegg som har løyve til å oppbevare farleg stoff i seks månader, før det skal sendast vidare til sikker handtering. Under kontrollen for tre veker sidan blei det funne farleg avfall som har vore på plassen i minst fire år.

Årsaka til at miljøvernavdelinga er sikre på dette, er ein kontroll dei gjennomførte i 2006. Også då blei det funne avvik og manglar, og inspektørane tok den gongen ei rekkje foto for å dokumentere feila. Ved å samanlikne funna frå i år med fire år gammalt biletmateriale, fann kontrollørane kjemikaliar og medisin som har vore der like frå førre inspeksjon. Utan kontroll

— Det har rett og slett ikkje vore noko system i drifta av denne plassen. Internkontrollen har vore totalt mangelfull, seier fylkesmiljøvernsjefen.

— Med det fokus som er på miljøproblema, korleis kan slikt skje?

— I dette tilfellet trur eg mangelfull opplæring og kompetanse har mykje av skulda. I tillegg har det mangla skriftlege rutinar.

Det er Nordfjord Miljøverk (NoMil) som har ansvaret for plassen. Dei har leigd tilsette frå Bremanger kommune til å drive mottaket.

Yndesdal seier dei ser svært alvorleg på avvika med feilaktig sortering, lagring og behandling av farleg avfall.

— Vi oppfattar NoMil som eit seriøst selskap. Difor overraskar dette funnet oss.

BOSS I VATN: Kasserte hjul, rustne tønner og anna avfall ligg og flyt i ei lita tjørn utanfor mottaksanlegget. Det er teke prøver både av grunn og vatn, men resultata er så langt ikkje klare. FOTO: FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE/MILJØVERNAVDELINGA