• Folk leikar med livet. Åtvaringar har ikkje hjelpt. Skiløparar kryssar framleis jernbanesporet på høgfjellstrekninga til Bergensbanen, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket Vest til Bergens Tidende.

Skiløparar kryssar framleis jernbanesporet på høgfjellstrekninga til Bergensbanen, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket Vest til Bergens Tidende.

Jernbaneverket ser med stor uro på denne leiken med livet. Det er umogeleg å sperra av mange mil jernbanestrekning, særleg no når snøen ligg djup. Toget kjem fort og stille, og kan trenga opp til ein kilometer å stogga.

Hertaas åtvarar også mot å koma nær straumleidningane. Dei har ei spenning på 15.000 volt, og kan kan vera innan rekkevidd der snøen er djup.

Også Statnett er redde for at folk skal setta livet på spel fordi snøen kjem faretrugande høgt oppunder kraftlinene. På Haukelifjell har vêret vore så dårleg at dei ikkje har fått sperra av eller merka kraftliner ovanfor Røldal. Særleg er ei kraftline på 22.000 volt mellom Svandalsflona og Middmyr skummel. Statnett lovar å merka eller avsperra området så snart vêrtilhøva tillet det.

Statnett har kraftliner med spenning heilt opp til 420.000 volt, men under desse er det god klaring.