• Eg vil gjerne svare, men eg torer ikkje. Eg er livredd for desse folka, sa den tiltalte 35 åringen i retten i dag.

Den amfetamin-tiltalte 35-åringen frå Stryn erkjente torsdag større deler av tiltalen enn tidlegare. Men han nekta å svare på spørsmål om hovudleverandøren sin — "Sjefen".

Den 35 år game mannen erkjenner no til saman befatning med over 3,5 kilo amfetamin. Tiltalen mot han går på åtte kilo av stoffet.

Da han vart tatt med eitt kilo amfetamin i garasjen ved Oslo Plaza i februar 2006, hadde han endå eitt kilo av stoffet liggande skjult under ein stein i Markane i Stryn.

Dette forklarte mannen i Fjordane tingrett torsdag.

— Eg fekk den kiloen lvert i Stryn på krita. Eg skulle betale hundre tusen for den, men fekk deretter tilbod frå ein ny leverandør om eitt kilo til 70.000 kroner, sa tiltalte. – Eg hadde spart opp denne summen, reiste til Oslo og kjøpte partiet.

Han ville bytte leverandør fordi den gamle var så masete, og ville stadig < >. Men på Osloturen vart han pågripen, og sat deretter fire månader i varetekt.

— Dei vart pågåande overfor familien min. Ei stund etter at eg vart sett fri kom dei til Stryn. Eg påviste kor depotet var, og dei henta stoffet tilbake.

I retten hevda han at kiloet han henta i Oslo skulle vere det siste, og at han planla å slutte med narkohandelen straks han hadde selt ut stoffet han hadde liggande.