Den nye starten fekk ho i Florø, hos Nina Gjervik. I 12 år har ho og mannen Alf Myrvang teke ungdomar med problem inn i familien. Seks unge har budd der på heiltid, fire-fem har vore på helgebesøk og budd der i feriane. For vel tre år sidan flytte Victoria inn i bustadhuset i Botnaholten.

— Ungdommane som har kome hit har hatt det tøft. For oss som familie kostar det å leve med ungdommar som har hatt det vanskeleg. Men så er det også så utruleg gjevande, når det går godt. Slik som med Victoria, seier Nina Gjervik.

Tomt utan konflikt

Fosterdottera Victoria og den biologiske dottera i huset, Maija (16), slår seg ned i sofaen.

— For meg var det ei frigjering å flytte i ungdomsfamilie i Florø. Frå første stund stemde kjemien. Det var slik eg hadde drøymt om at det skulle vere, fortel Victoria.

Etter å ha budd under same tak i meir enn tre år, oppfattar dei to jentene kvarandre nærast som systrer. Men starten var ikkje heilt smertefri.

— Eg var veldig usikker på kva eg kunne seie til deg. Du var så stille. Det kunne gå ein heil dag utan at du sa eit ord, seier Maija vendt til fosterdottera i huset.

Mest av alt var ho likevel glad for at det kom ein ny ungdom i huset. Det var slik det skulle vere.

— Å ha ungdommar frå ulike miljø i heimen har vore kjekt, spennande og utruleg lærerikt. Mamma hadde pause ei stund, det var underleg. Det blei så tomt i huset utan konfliktar og krangling.

Og i følgje fostermor Nina Gjervik er det å kunne handtere konfliktar utruleg viktig.

— Det går ikkje å vere konfliktsky i ein ungdomsfamilie, slår ho fast.

By på seg sjølv

Ungdomsfamiliar tek imot unge som det er særleg krevjande å ha ansvar for.

— Det skal vere ein heilt ordinær familie. Men det må vere to vaksne, og familiane skal ha tid og overskot til å arbeide med ungdommane, seier Lillian Reigstad i Bufetat. Ho har fungert som rettleiar for familien i Florø.

I ungdomsfamiliar blir difor ein vaksen kjøpt fri frå anna arbeid. Familiane får i tillegg tett oppfølging og rettleiinga frå Statens barnevern.

— Dette er ikkje noko lettvint jobb. Alle dei unge som har kome til oss har hatt store sår. Du tek eit menneske i hus som har ryggsekken full. Det er viktig å vere open og kunne by på seg sjølv. Ikkje minst er det viktig å vere raus i forhold til haldningar, seier Nina Gjervik.

Ho har grunnutdanning i barnevern, og jobba før i barnevernprosjektet Bøya i Flora. Då dette blei avvikla, tok ho til med å ta fosterbarn.

— Det er ei stor utfordring. Men vi har aldri angra.

Ville bli sett

Victoria Smith tok skeia i eiga hand. Plasseringa i ungdomsfamilie i Florø var frivillig.

— Det står respekt av slikt. Skilnaden på dei som sjølve vel å ta kontakt og dei som blir tvangsplasserte, er veldig stor, seier Nina Gjervik.

For 18-åringen baud flyttinga til Florø på sjanse til ein ny start.

— For meg var det viktig å kome i ein familie der eg blei sett. Etter tre år føler eg meg som eit heilt menneske.

Når Victoria no er på ny flyttefot, til eige husvære, er det ein del av alle ungdommars tilvenning til vaksenlivet. Men fosterdotteras jenterom i Botnaholten blir ståande urørt ei stund.

STORFAMILIEN: For Victoria Smith var det ei frigjering å flytte til Florø. Nå flyttar ho snart fra Maija, Nina, Alf og hunden Nadja.
Apneseth, Oddleiv