17. mai 1977 kom vesle Geir til Norge frå Korea, berre 3 år gammal. Han vaks opp i eit trygt lite lokalmiljø i Askvoll kommune, med norske foreldre, norske vener, norsk skule og norsk alt mogeleg.

Så i dag er Geir definitivt ein heilnorsk 28-åring. Eller kva?

Måtte ta eit oppgjer

— Lenge var det tabu for meg å snakke om opphavet mitt. Som ungdom vil du ikkje stikke deg ut. Eg fortrengte det lenge, ville ikkje ha noko snakk om det, fortel Geir.

Vi møter han heime på påskeferie hjå foreldra i Follevåg i Askvoll, på småbruket der han vaks opp. Til dagleg bur Geir i Bergen, der han arbeider som timelærar på universitetet. Det var un-der arbeidet med hovudoppgåva i litteraturvitskap Geir for alvor forstod at han måtte ta eit oppgjer med seg sjølv og alle haldningane rundt bakgrunnen som adoptert.

Han har brukt eigne erfaringar, og i tillegg sett på korleis adopterte blir framstillt i litteraturen, i forsking og i media.

— Det var under arbeidet med Nietzsches sjølvbiografi at eg vart tvungen til å reflektere over min eigen situasjon.

Eksistensielle spørsmål

Om få veker ligg resultatet føre i boka «Adoptert identitet» som kjem på Spartacus forlag. Som akademikar har ikkje Geir frykta at boka har blitt teoretisk eller høgtsvevande. For han er dette levd stoff. - Dette berører så utruleg mykje, langt ut over temaet adopsjon i seg sjølv. Dette er snakk om eksistensielle spørsmål som identitet, kultur, haldningar innanfor eit breitt felt. Eg prøver likevel å få ei tilnærming som er både konkret, fagleg og folkeleg, seier han. 28-åringen snakkar utprega sunnfjorddialekt, men kan ikkje skjule sitt biologiske opphav. Ikkje prøver han heller, med sitt skulderlange ravnsvarte hår.

At du har med ein sunnfjording å gjere tar litt lenger tid enn førsteinntrykket å finne ut.

Idyllen som brast

I boka skildrar Geir ein idyllisk, harmonisk barndom i Askvoll. Ein periode da han ikkje trengte å tenke over sin bakgrunn.

— Men då eg reiste heimefrå på vidaregåande skule, var det straks folk som slo ned på utsjåna-den min. Ingenting fysisk, men det føregjekk heilt systematisk, fortel han.

— Det er kanskje det farlegaste; at dei færraste blant oss likar å bli kalla rasistar. Men svært mange har likevel underliggjande haldningar på kultur og identitet som er potensielt rasistiske. Ofte er det ikkje noko medvite eller vondt meint, men det er der.

Geir har studert korleis adopsjon blir framstillt i litteratur og forsking. Grovt sett fann han to yt-terpunkt i framstillingane: Den ynkelege, stakkarslege adopterte, eller den farlege. ý Vi ser at adopterte blir framstillte med metaforar som eksempelvis «planter utan røter», «puslespel som manglar brikker», «uslutta sirklar» og liknande.

Reagerte etter Beheim Karlsen

Hovudpoenget for Geir er at identitet handlar om så mykje meir enn berre det biologiske opphavet.

Dei fleste av oss vil vegre seg for å bli bedømt berre utfrå kven foreldra er.

— Fokus må ligge på einskildmennesket, korleis du sjølv er som menneske.

Historia om Arve Beheim Karlsen står som eit skrekkens eksempel på kor gale det kan gå. Som Geir vaks Arve opp i eit trygt lite lokalmiljø, men fekk oppleve andres haldningar då han flytta ut.

— Eg har tenkt mykje på det, at det som skjedde med Arve kunne ha skjedd med meg også, seier Geir. - Det var så mange parallellar. Eg var flau, ville ikkje snakke om at eg kom frå Korea.

Kjensla av mindreverd er skapt av eit massivt press i kulturen vår, litt her og litt der. Summen er at det å vere adoptert blir eit problem. Slik bør det ikkje vere, seier Geir Follevåg.

SKRIV OM IDENTITET: Førsteinntrykket er asiatisk, men Geir Follevåg er norsk som nokon. Han vaks opp i eit trygt nærmiljø i bygde-Norge, men fekk etterkvart føle at han ikkje var norsk nok likevel. Parallellane til Arve Beheim Karlsen-saka har skremt Geir, som no gir ut bok om adopsjon og identitet.
FOTO: PER MARIFJÆREN