Skikyttarmiljøet i Hordaland har sesongavslutning laurdag 12. april med Liv Grete Sprint i Årmotslia, Myrkdalen på Voss. Rennet er også finale i Amfi Cup for aldersklassane 13 til 16 år.

Amfi Cup er ein kretscup for Hordaland med rangering og premiering av samanlagt resultat etter 10 lokale renn gjennom vinteren. Før finalen er det ope i fleire klassar og det er løparar frå alle klubbar i Hordaland representert i toppen. Det er reine aldersklassar for kvart årstrinn og sjølvsagt jente og guteklassar.

Dei tre beste i kvar klasse får gåvekort hjå Amfi-kjeda og alle som har gjennommført minst 5 renn får deltakarpremie. Amfi Cup er støtta av Amfisentra på Os og Voss.

Sjå meir info om Amfi Cup på nettsida skiskyting.no

Med oss til å dela premiar har vi Liv Grete Skjelbreid Poirèe.

Starten gå kl 12. Velkomen til Voss!