Slik meiner administrerande direktør Herlof Nilssen at Helse Vest RHF skal koma vel frå rabalderet som den såkalla akuttrapporten har skapt rundt lokalsjukehusa.

Han minner om at rapporten er den første av fire delrapportar om funksjonsfordeling. Men det er ein vesentleg del, og den som er mest kritisk for lokalsamfunna.

Styret i Helse Vest RHF får omstruktureringa på bordet til styremøtet 22. januar. Nilssen ventar at styret då vedta ein framdriftsplan for saka. Standardar kan setjast i februarmøtet.

Direktøren innstiller på ei brei høyringsrunde med mellom anna kommunar, fylke og institusjonane før endringar vert sett i verk.

— Får helseføretaka fritt spelerom, nærast indre sjølvstyre, så lenge dei held seg innanfor oppdregne rammer?

— Når opplegga frå helseføretaka er ferdige, må styret i Helse Vest drøfta dei i ei samlesak. Styret må vurdera om dei held seg innanfor grensene. Ved større endringar i eksisterande strukturar, kan det verta aktuelt å rådføra seg med Statsråden, seier Helse Vest-direktøren.

I klartekst betyr dette til dømes at lagnaden til Lærdal sjukehus i noko større grad vert avgjort i Førde, og tilsvarande mindre av regionshovudkvarteret i Stavanger. Tilsvarande vil Helse Bergen HF ha meir å seia om Voss sjukehus, og Helse Fonna HF (Haugesund) om Odda. Men korkje Stavanger eller Oslo gir slepp på den overordna styringa, og sjølvstyret til dei einskilde lokalsjukehuset er sterkt avgrensa.

— Tilsynelatande utan å vita om rapporten, har Helse Førde HF og Helse Fonna HF arbeidd med strategiplanar. Er ikkje dette dårleg koordinering?

— Dette arbeidet har dei sett i gang ut frå økonomiske krav dei hadde på seg, og eit par andre grunnar. Vi visste om det, men greip ikkje inn. Eg trur ikkje at arbeidet er bortkasta. Desse to føretaka har no gjort grovarbeidet i den planlegginga styret i Helse Vest RHF vil invitera til, seier Nilssen.