JOHN LINDEBOTTEN

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen har no lagt fram eit revidert budsjettgrunnlag, og betringa er på heile 28,5 millionar kroner samanlikna med budsjettgrunnlaget som vart lagt fram 1. oktober, går det fram av ei pressemelding.

I tillegg til at statsbudsjettet verkar positivt, ser det og ut til at pensjonskostnadene vert lågare enn tidlegare føresett. Vidare vert 1 mill. kr frigjort ved at kontingenten til Kommunenes Sentralforbund er sett ned.

Fylkesrådmannen føreslår at innsparinga i budsjettgrunnlaget på 19,1 mill. kr vert dekka av «budsjettbetringa», 6 mill. kr vert sett av til auka dekking av tidlegare underskot, vel 2,2 mill. kr går til ekstra vedlikehald ved dei vidaregåande skulane, og tilleggsløyvingskontoen vert styrkt med 2 mill. kr.