JOHN LINDEBOTTENjohn.lindebotten@bergens-tidende.no — Det er så lite pengar at det må vera mogleg å få gjort unna arbeidet seinast i 2003, og det arbeider vi intenst for å få gjennomslag for, seier komitimedlem Gard Folkvord frå Ap og Hordaland.- Vi har fått opplyst at NSB Gods kan frakta 22.000 semitrailarar kvart år over fjellet mellom Bergen og Oslo berre bana vert klargjort. Det vil vera eit kjempesprang i retning av å få gods over frå veg til bane, seier Folkvord. Arbeidet som må gjerast er å utvida ei rad med gamle tunnelar, som er store nok til vognlaster og containarar, men som ikkje har plass til semitrailarar. Nesten alt dette arbeidet må gjerast på vestsida av fjellet, der det enno finst mange tunnelar frå 1800-talet. Utviding av jernbanetunnelar inngår i Norsk Transportplan, som nett no er til handsaming i samferdslekomiteen. I framlegget frå regjeringa er det sett av 300 millionar kroner til utviding av tunnelar på heile det norske jernbanenettet i planperioden 2002-2011.- I statsbudsjettet for 2001 er det sett av fire millionar kroner til utviding av tunnelar på Bergensbana. Vi prøver no å samla fleirtal for at dette kan forserast, slik at Bergensbana er klar for semitrailarar i 2003, seier Gard Folkvord.