INGVILD RUGLAND

— Eg vil ikkje gå på skule i Dale, seier femteklassingen Marita.

Men det må ho, om Vaksdal kommune får viljen sin. Marita er ein av femten elevar ved barneskulen i Bergsdalen på Lid, 12 kilometer opp i fjellet frå Dale sentrum.

Lang skuleveg

Som i mange andre kommunar er økonomien i Vaksdal dårleg. Ein liten skule som Bergsdalen kostar for mykje, har eit utval funne ut. I november skal kommunestyret avgjere om skulen blir lagt ned.

Skjer det, må mange reise opptil to mil kvar veg for å kome seg til skulen. Bussen heim går berre ein gong om dagen, klokka halv tre. - For ein seksåring med så lang veg til skulen, betyr det 16 timar i reising og venting kvar veke, seier Helge Terje Fosse, leiar i samarbeidsutvalet ved Bergsdalen skule.

Vaksdal kommune vil spare to millionar kroner i året på leggje ned to skular, Bergsdalen og Eidsland. Foreldra i Bergsdalen meiner kommunen burde brukt ostehøvelprinsippet i staden for å ramme små lokalsamfunn.

No fryktar dei at folk vil flytte ifrå bygda med 100 innbyggjarar.

-Statistikk viser at der skular blir lagt ned, minkar folketalet i 28 av 30 tilfelle, seier Fosse.

Flytta frå Bergen

— Oppveksten er veldig trygg her oppe. Barn får vere barn lenger, og dei leikar med kvarandre, alle i alle aldrar, seier Vidar Lervik.

Han er bergensar og flytta til Bergsdalen for to år sidan med kone og tre barn. Ein til er på veg.

— Det er uaktuelt å flytte tilbake til byen. Vi prøver å få til eit byggefelt her oppe, men det er lite truleg at vi får auka tilflytting om skulen blir lagt ned, seier Lervik.

— Eg har stor forståing for at desse to bygdene engasjerer seg for å halde på det som framstår som eit veldig godt skuletilbod. Vi må vurdere om vi kan gje dei eit godt tilbod i lag med andre elevar, seier Høgreordførar Øivind Olsnes.