Ein helikoptertransport av det uvanlege slaget gjekk føre seg mellom Oppdal og Finse sist månad.

Blant passasjerane var 14 velvaksne fjellrevkvalpar som etter oppveksten i Sæterfjellet avlsstasjon har fått fridommen i og rundt Hallingskarvet nasjonalpark.

Der får dei sjansen til å møta dei første fjellrevane fødde i det fri på Vestlandet på lang, lang tid.

Fjellreven er rekna som landets mest utryddingstruga pattedyr, blant anna som følgje av jakt på grunn av den ettertrakta pelsen. Men sjølv etter å ha vore freda sidan 1930 har fjellreven vore i konstant tilbakegang, ned mot ein bestand på berre kring 50 dyr i 2006.

Situasjonen er blitt kritisk i heile Skandinavia.

72 kvalpar er sette ut

I motsetnad til fjellreven i nord har ikkje bestandane i Sør-Noreg etter tusenårsskiftet greidd å henta seg opp att, sjølv etter gode lemenår. Eit nasjonalt overvakingsprogram blei sett i gong, og Norsk institutt for naturforskning (NINA) har sidan 2006 drive eit prosjekt med avl og utsetjing av dyr, på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning.

— Dette var fjerde utsetjinga i Finse-traktene. I alt er 72 kvalpar frå avlsstasjonen sette ut i området, seier Arild Landa, prosjektleiar for NINAs avlsprogram.

Opphavleg, vill fjellrev var utdøydd i området rundt Finse og på Hardangervidda. Men i 2011 blei det etter eit godt lemenår registrert heile 40 fjellrevynglingar i det fri i Noreg, ei av dei på Finse der fire små kom til verda.

I fjor sommar var ein dårleg sesong for smågnagarar som føde for fjellreven, og det blei ikkje registrert ynglingar utanom ei nær avlsstasjonen på Oppdal i Sør-Trøndelag.

Dårleg tilgang på føde gjer fjellreven i tillegg ekstra utsett for konkurranse frå den sluare slektningen raudrev. Og før den første utsetjinga på Finse i 2009 måtte fem blandingseksemplar av fjellrev og farmrev fjernast frå området. Fjellreven må i tillegg passa seg for kongeørn og jerv.

Halvparten overlever

Ifølgje seniorforskar Arild Landa er det kring femti prosent overleving blant dei utsette fjellrevungane første sesongen. Før utsetjinga har Statens naturoppsyn plassert ut kunstige hi og fôringsautomatar av same type som revekvalpane er vane med frå avlsstasjonen på Oppdal.

Stasjonane blir etterfylte om lag ein gong i månaden av Statens naturoppsyn og lokale fjellstyre.

Landa fortel at det så langt ikkje er aktuelt å setja ut kvalpar på Hardangervidda. Men han reknar med at Finse-revar vandrar også til Vidda.

I fjor sommar blei ein fjellrev påkøyrt og drepen på riksveg 7 over Hardangervidda. Øyremerket synte at det var ein ung svensk hannrev som hadde vandra frå området aust for Sylane.

— Fjellreven er på god veg til å bli reetablert i Sør-Noreg, men det kan ta noko tid, seier Arild Landa, som håpar på eit godt lemenår i år etter magre førekomstar i fjor.

Den utplasserte reven greier seg i lengda ikkje berre på hundefôret som blir lagt i fôringsautomatane på fjellet. Reproduksjonen er avhengig av tilgang på naturleg føde i form av smågnagarar.

SENSASJON: Før første gong på mange år på Vestlandet skjedde sommaren 2011 den første fjellrevynglinga i det fri i Finse-traktene, då ein utplassert rev fekk desse fire kvalpane.
NINA