Tysnes kommune i samarbeid med lokalbanken, lokalavisa og det lokale kraftlaget lanserer tilflyttingskampanjen «Heima her. Tysnes» og «Tysnespakken» med merkbare økonomiske fordeler i etableringsfasen til dei som investerer i nytt hus på øya.

Ordførar Kjetil Hestad (Ap) håpar det skal lokka fleire unge til å slå seg ned på Tysnes. Men han er klar over at tidlegare tiltak av samme slag ikkje har gitt forventa utteljing.

— Dette er ikkje det første prosjektet, nei. Men me må aldri gi opp. Å få folk til å koma til Tysnes for å bu er eit kontinuerleg arbeid, seier Hestad, som lovar å ta imot kvar ein ny innflyttar med flagg på kaien.

200.000 kroner spart

— Me har ein fantastisk skjergard, eit rikt lags- og organisasjonsliv og flotte fjell. Tysnes er rett og slett ei perle som me ønskjer å dela med alle som vil koma hit, seier Kjetil Hestad entusiastisk, og håpar på hundre nye tysnesingar i 2015.

I lokketilbodet som tysnesingane no pakkar ut lovar lokalbanken tilflyttarar ein prosent kutt i gjeldande bustadrente - til 2,55 prosent i to år. Kommunen slår til med planerte utsiktstomter til 250.000 kroner, som er hundre tusen i avslag. Lokalavisa følgjer opp med gratisabonnement i to år, kraftlaget halverer straumprisen i to år, breibandselskapet reduserer fiberabonnementet tilsvarande. For ein gjennomsnittsfamilie med eit lån på to millionar kroner og standard straumforbruk utgjer pakken ei innsparing på rundt 200.000 kroner over to år.

FEST-ØY: Tysnesfest har etablert seg som ein årleg storfestival og god reklame for Tysnesøya. FOTO: ODD E. NERBØ

— Godt liv utanfor byen

— Me håpar at dette vil få fleire til å realisera draumen om eit aktivt og godt liv utanfor bysentrum. Tysnes har kort veg til Bergen, Stord og Haugesund. Og me har plass til fleire, seier Tysnes-ordføraren.

Det florerer med statleg og fylkeskommunalt støtta rekrutteringstiltak blant norske fråflyttingskommunar. Med «Heima her» og «Tysnespakken» går Tysnes sin eigen veg, utan at det kostar skattebetalarane særleg.

Hestad tykkjer det er flott at Tysnes-samfunnet trekkjer i lag på denne måten, og oppfordrar interesserte til å kjenna si besøkstid. For når E39 blir lagt over Tysnes om kanskje ti års tid, blir øya som ein del av hovudåra på Vestlandet automatisk ein attraktiv bukommune berre ein halvtimes køyretid unna Bergen.

- Dei smarte kjem no

— Tysnes får ei heilt ny framtid med den ferjefrie E39. Derfor kjem dei smarte til Tysnes og slår seg ned no. Det er ikkje sikkert det blir tilbydd så lukrative pakkar seinare, seier Hestad.- Men har Tysnes jobb å tilby dei som vil koma?

— Om det kjem hundre nye det første året, så har me ikkje jobbtilbod til alle. Men det er lagt til rette med barnehage og skulefritidsordning for dei som bur på Tysnes og jobbar utanfor kommunen, seier han.

Til det nye prosjektet er det engasjert eigne «Tysnes-ambassadørar» som skal rettleia dei som viser interesse for å flytta til Tysnes.

— Det er to unge jenter som svarar på spørsmål og viser rundt dei som er interesserte, forklarar Kjetil Hestad.

Har prøvd før

I 2008 og 2009 gjennomførte Tysnes kommune eit tilsvarande prosjekt, der målet var å få innbyggjartalet over 3000 i 2012. Det lukkast ikkje, og framleis vippar talet på tysnesingar rundt 2750. Kommunen tilsette ein eigen samfunnsutviklar, og brukte 1,6 millionar kroner på tiltaket, Hordaland fylkeskommune 1,2 millionar.

— Det blei brukt ein del ressursar den gongen, og me fekk relativt lite ut av det, seier mangeårig kommunestyrerepresentant Tore Atle Humlevik (H).

VEKST I AUST: Gerhard Meidell Alsaker er laksekonge og stor arbeidsgivar på Tysnes si milde austside, og har store vyer for heimbygda Onarheim. ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR
LOKKESJEF: Banksjef Dag Sandstå går nye vegar for å få nye kundar til den lokale sparebanken og fleire tilflyttarar til Tysnes. Her med Tysnes Sparebank sin kassaansvarlege, Oddrun Tysnes. ARKIVFOTO: TOR HØVIK

— Gjennom dei tre tiåra eg har vore med i lokalpolitikken, har eg sett ulike prosjekt blitt prøvt. Eg er ikkje imot at me skal prøva dette nye, heller. Men eg vel å vera nøktern realist og trur det er vel optimistisk å håpa på hundre nye innbyggjarar neste år, seier Humlevik.

Stor hyttekommune

Som hyttekommune er Tysnes i vekst, og har over 10.000 gjester i sommarhalvåret. Blant fastbuande er det forgubbing og folketalsstagnasjon som har prega utviklinga.

— Men i år har folketalet gått opp. Ungdommar flyttar hit, seier ordføraren.

I 2012, året etter at han blei valt til ordførar, var Kjetil Hestad på offensiven då arbeidslause EU-borgarar søkte til Noreg for jobb. Ordføraren tok imot ein stor spansg delegasjon på Tysnes, med to nyetablerte barnefamiliar som resultat.

— Spanjolane har fått seg jobb, og ein familie til er aktuell for å koma hit, seier ordførar Kjetil Hestad.

TYSNES-LOKK: Torstein Hatlevik og Haaheim gard har lokka mange til Tysnes dei siste åra. Den mannen har fleire planar. ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN