Han er no på veg til fem års datastudiar i Trondheim. Med optimisme, ein glitrande artium og ny bil i porteføljen.— Ikkje fokusér på eksamensresultatet. Det viktige er at ein aldri må gje opp, sjølv med store handikap, seier Vegard Djuvsland frå Herøysundet i Kvinnherad.- Eg har greie foreldre som har fått meg til å ikkje sitja heime og stura. Eg har aldri sett på handikappet mitt som noko hindring, seier 18-åringen til Bergens Tidende.Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) vil truleg få ein mønsterstudent i Vegard. På vitnemålet frå Kvinnherad vidaregåande skule har han heile 11 seksarar, og data har vore hovudinteressa hans i åtte år.- Eg har valt data også fordi eg veit faget kan gje meg ein jobb der eg kan klara meg like bra som, eller betre, enn funksjonsfriske. Og eg vil ikkje vera til bry for arbeidsgjevarar, seier 18-åringen, som måndag set seg i den nyerverva, spesialtilpassa bilen sin for å køyra den 72 mil lange vegen til Trondheim.I trønderhovudstaden flyttar Vegard inn i Lerkendal studentby like ved NTNU. Her er det nedsenka kjøkkenbenk og dusj, og her vil han få heimehjelp. Også skulen er godt tilrettelagt for handikappa.Vegard Djuvsland manglar fullt utvikla ledd og har skeiv rygg. Han kan gå sjølv, men brukar rullestol ute. Å flytta heimanfrå for å bli student, vil ifølgje Vegard nokså sikkert by på tøffe utfordringar.- Men eg er ikkje i tvil om at eg skal meistra dei, seier 18-åringen.

OPP OG FRAM: Med nyerverva sertifikat, bil og superartium er 18-årige Vegard Djuvsland på veg til Trondheim og fem års datastudiar.
Foto: Arne Lindeflaten, Kvinnheringen