13 år gamle Eivind Høviskeland sat inne og såg på film då han høyrte tasling på parketten. Det som han trudde var huskatten, viste seg å vera ein reveunge som også oppførte seg som om han høyrte familien til.

Frå stova tok han seg vidare til kjøkenet, tydeleg på leit etter mat. Utanfor døra forsynte han seg frå kattematfatet.

I heile fire timar heldt revekvelpen seg på tunet til Rolf Høviskeland på Økland ved Flatråker, skriv avisa Tysnes.

Første framsyning var sist torsdag. Så kom reveungen tilbake på tysdag, fortel Rolf Høviskeland til bt.no.

Men siste gongen blei han jaga bort av katten, som tydlegevis ikkje sette pris på at reven forsynte seg med to pølsebitar frå katte-skåla første gongen.

Kvelpen tilhøyrer truleg ein revefamilie i eit i hi i nærleiken, trur Rolf Høviskeland. Han var ikkje reddare enn at han lenge let seg skoda på og fotografera. Men ingen fekk koma så nær at dei kunne klappa reven.

UT OG INN: I fire timar oppheldt den vesle reven seg hos familien Høviskeland, og vandra uredd ut og inn av huset. FOTO: HELEN FRØYSETH, TYSNES