EYSTEIN RØSSUM

— Det er heilt urealistisk å forvente ei endring til det betre på kort eller lang sikt. Behandlingspotensialet er veldig lite, sa psykiater Jon Geir Høyersten i retten i går.

Han og kollega Siri Nome har gitt 40-åringen diagnosen «dyssosial og paranoid personlegdomsforstyrring». Dei meiner han manglar empati, er egosentrisk, forfølgjer eigne rettar ut i det absurde og tåler nederlag svært dårleg.

I går vitna dei to på nytt, i forkant av at retten skal måle ut straffa og fastsetje erstatningssummen til den drepte ekskonas familie. Måndag blir det også klart om statsadvokat Randi Gabrielsen vil krevje forvaring for marineoffiseren, som torsdag vart funnen skuldig i overlagt drap.

- Eventuelt forverring

— Kva er prognosen for Ramslands tilstand?, spurde Gabrielsen, og fekk til svar at det var lite håp om betring.

— Vi kan eventuelt forvente ei forverring av tilstanden på lang sikt. Ei endring til det betre vil krevje at han sjølv først innser at noko bør endrast, sa Høyersten, og la til at det ikkje har vore teikn å spore til dette hos 40-åringen i retten.

Konklusjonen frå psykiatrane vil vere ein viktig del av grunnlaget for statsadvokatens avgjerd i spørsmålet om ho måndag skal krevje forvaring. Gabrielsen gjorde det allereie torsdag klart at ho vil krevje 21 år bak murane for marineoffiseren.

- Sårar og skuffar

Forvaringsstraff inneber at påtalemakta må vurdere om det er forsvarleg å setje fangen på frifot før han slepp ut frå fengselet.

Også Ingse Rønnestads foreldre og Ramslands syster forklarte seg på nytt i går.

— Gutane har mista den fantastiske mor si. Dei har også mista far sin, som stadig vekk sårar og skuffar dei med det han seier i retten. Det er som eit slag i ansiktet på gutane, sa mor til Ingse, Kine Rønnestad.

Systera til marineoffiseren, Hege Ramsland, skrytte av bror sin som far.

— Vi skal kome oss igjennom dette saman, Trond, avslutta ho vitnemålet sitt, og fekk etterpå lov til å gje broren ein lang klem.

Rettssaka blir avslutta måndag, med prosedyrer frå aktor og forsvarar.