Ingen av kommunane som ligg i lokalsjukehusområdet til Haukeland Universitetssjukehus har fått pengar i denne omgang.

I Hordaland var det berre eit prosjekt som fekk støtte frå staten i den fyrste tildelinga: Jondal kommune fekk 500.000 kroner til ei stilling. Slik skal kommunen greie ut korleis dei skal dra nytte av kompetansen som fins på Jonatunet psykiatriske senter.

I alt har staten øyremerkt 95 millionar kroner til forsøksprosjekt til samhandlingsreforma i år.

I Helsedepartementet får BT opplyst at det som står att av årets midlar skal nyttast til prosjekt innan psykiatrien.