ARNE HOFSETH

Nyleg sette ein av dei skotske saueklipparane ny rekord ved Gilde Vest sitt slakteri i Granvin. Heile 507 dyr miste ullfellen under Hamisch Mitchell si klippemaskin i løpet av ein dag. Kameraten Keron McCullugh var ikkje mykje snauare. Også han passerte 500, men gav seg på 501. Leppestift og restaurantmat

I den andre enden av produksjonslina står svenske Charlotta Plahn og presser innhaldet ut av tarmar. For tarmane er ikkje noko avfallsprodukt. Dei går mellom anna til kosmetikkindustrien.

— Det kan bli ein del leppestift av dette, kommenterer slakteleiar Rune Askeland.

Det aller meste av dyret vert nytta. Ein muskel under saue-vomma blir restaurantmat i Japan. Men sjølve tarminnhaldet er det ingen som vil kjøpa, heller ikkje milten, og det er slett miljø for svenskevitsar i det internasjonale arbeidsfellesskapet. Her er hardingar, vossingar, eit dusin svenske sesongarbeidarar, britar, polakkar, kviterussarar ... Askeland meiner at han har ti nasjonar på lønninsglista i sesongen.

Snauklipt på ein blunk

The Dubliners og Tom Jones syter for musikk til arbeidet der dei singlet-kledde saueklipparane oppe på podiet hentar inn ein sau gjennom ei svingdør, frir han frå ullfellen, og dyttar det snauklipte dyret ut gjennom svingdøra attmed. Blunkar du, kan du ha gått glipp av heile prosessen.

— Med fire klipparar held vi ei «takt» på rundt 180 dyr i timen. Inne på slakteriet går det unna om lag 240 i timen. Difor vil vi gjerne ha eit forsprang på minst 200 dyr før dei startar opp der inne om morgonen, seier Anders Skjerveggen til Bergens Tidende, idet han tek unna ull frå saueklipparen Kjetil Rødland frå Bergsdalen. Førsteklassen ull går i bingen som mellom anna blir til Dale-kufter. Ull frå buken går i ei simplare sortering. Alt skal vegast, slik at bonden får rett betaling.

Puslespel

For å unngå produksjonsstopp i slaktelina, og bortimot førti gjerandslause, er saueklipparane tidleg oppe. og tek gjerne ei helgeøkt sundag kveld.

— Det er eit puslespel å få saueflokkane levert på slakteriet i høvelege porsjonar og til rett tid. Kjem ikkje dyretransporten fram på grunn av stengd veg (ras, trafikkuhell) eller kluss med ei ferje, må vi prøva å få andre til å levera på kort varsel, seier Rune Askeland.

På slaktelina er baufila borte. Kraftige hydrauliske sakser klipper skinn og bein effektivt av. Tre personar frå Mattilsynet ser til at alt går rett for seg, og forsyner skrotten med forskriftsmessige stempel før han blir dytta vidare på skinna i taket, i retning mot kjølerommet.

— Mattilsynet sin kontroll er ei kostbar ordning. Kostnaden er meir enn tre gonger så høg som i dei fleste andre land, og er med å gjera norsk kjøt dyrare, seier Askeland.