Men instituttet er usikker på om lusemengda blomstrar opp før laksesmolten tek til å vandre ut i havet for alvor. I år ser utvandringa av smolt frå elvane til å vere forseinka.

Instituttet har fiska etter utvandrande laksesmolt for å sjekke i kor stort omfang den blir angripen av lakselus.

Fann fem lus

Ti lus eller fleire vert rekna av å ta livet av smolten. 45 smolt som vart fanga, hadde i alt berre fem lus, og Havforskningsinstituttet konkluderer med at det er lite lakselus i fjorden i mai. Kaldt vatn er truleg årsaka til den låge lusemengda.

Havforskningsinstituttet vil undersøkje lusenivået på villfisk gjennom fleire tokt i sommar.

— Lusesituasjonen no er ganske lik situasjonen som var i fjor. Då var det lite lus i mai, men vi fekk ein kraftig auke utover sommaren, seier forskar Lars Asplin til Havforskningsinstituttet si nettside.

Verre for auren

Medan laksesmolten vandrar frå elevane og rett til havs, oppheld sjøauren seg i fjorden heile året. Den er dermed meir utsett for lakselus. Det viser også att i resultatet frå Havforskningsinstituttet sitt fiske i mai.

Ein av sjøaurane hadde heile 36 lus på seg, og til saman hadde de sju sjøaurane som vart fanga, 54 lus.

Lakselus er ein krepseart som snyltar på fisken. Framveksten av oppdrettsnæringa har gitt lus mange nye vertar, og ført til auka lusemengde i fjordane.

Oppdrettarane melde i førre veke om kraftig reduksjon av lusemengda på oppdrettsfisken i Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland etter samordna avlusingstiltak.