— Litauaren kom med trugsmål mot familien og hamna i slåsskamp med eit familiemedlem. Han hadde fått i seg store mengder alkohol, seier operasjonsleiar Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Han seier vidare at litauaren blei sendt til legevakt før han hamna i arresten.

— Me veit ikkje noko om kvifor han kom med desse trugsmåla, seier Friberg.

Mannen vil bli avhøyrd i morgon.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 22:30.