JOHN LINDEBOTTEN

— Vi har relativt god økonomi, men kommunen har høge driftskostnader. Inntektene vil truleg auka med to prosent neste år, men samstundes vil til dømes løner auka med 3,2 prosent, seier ordførar Tove Brandvik (Ap), til Bergens Tidende.

— Eigedomsskatt har vore på tale for å skaffa meir pengar i kommunekassen?

— Ja, men det vart avvist før valet i fjor, og det vert framleis avvist, seier Brandvik.

Våpenkvile

Det er mykje det kan sparast pengar på i Lindås kommune, men så var det dette med politikken då. Før valet i fjor torde ikkje eingong Framstegspartiet å setja spørsmålsteikn ved den kostesame skulestrukturen. Overnervøse politikarar som hadde brent seg før, vart samde om våpenkvile på det temaet.

— Og den våpenkvila står ved lag, seier Tove Brandvik.

Formannskapet slår likevel fast at både skular og barnehagar må tilpassa seg trongare økonomiske tider gjennom nye undervisningsopplegg og ny organisering. Og symjebassenga vert stengde både i 2005 og 2006, seier formannskapet.

Også pleie og omsorg må klara seg med mindre, trass i aukande behov. Både heimetenestene og institusjonstenesta får to millionar kroner mindre neste år.

Meir til barnehagar

— Derimot får vi eit stort pluss på barnehagane, seier Tove Brandvik. Vi aukar frå 1,9 millionar kroner til 4,3 millionar. Grunnen er for ein stor del at vi så langt har hatt små overføringar til private barnehagar, og vi har hatt få kommunale barnehagar. Men frå neste år har vi ikkje lenger lov å skilja mellom private og kommunale.

Kyrkjestrukturen er og ei tung økonomisk bør som Lindås må slepa med seg som ein historisk arv. No er det kyrkjeleg fellesråd, og ikkje kommunen, som avgjer om ei kyrkje skal vera i drift eller ikkje, men kommunen må punga ut for vedlikehaldet. Formannskapet føreslær likevel eit kutt på 200.000 kroner i 2005.