— Det er rett og slett ein tragedie, seier opposisjonsleiar Tove Linnea Brandvik (Ap).

Fleirtalet i kommunestyret gjekk torsdag inn for å kutte 500.000 kroner i budsjettet for kulturskulen neste år. Åtte lærarar på deltid er varsla om oppseiing, skriv avisa Strilen.

Rammar mange

Kutta får store følgjer for elevane. Mellom 100 og 150 barn mistar plassen på kulturskulen, om kuttet vert gjennomført:

  • 45 gitarelevar
  • 12 slagverkselevar
  • 15 dramaelevar
  • 10 pianoelevar
  • 10 biletkunstelevar
  • 7 songelevar
  • Lindås skulekorps mister dirigentenGitarelev Tobias Dyngeland er blant dei skuffa over at han mest sannsynleg ikkje får gå i lære lenger.

— Eg fekk eigen gitar og el-gitar til bursdagen min i år, og då er det jo ekstra dumt å miste plassen no, seier han til Strilen.

No vil han spørje ein musikalsk nabo om hjelp i staden. Han har ikkje tenkt å gje seg med spelinga.

- Pinleg

Høgre, KrF og Frp fekk god informasjon om konsekvensane av kuttet, seier opposisjonsleiar Brandvik.

— Når dei ikkje tør å prioritere, men skjærer overalt, er det slike ting som skjer, seier ho.

Ap-politikaren meiner det er alvorleg og pinleg at Lindås - med sitt sterke musikkmiljø - seier opp barn frå musikkskulen. Kommunen har mellom anna det kanskje beste musikkorpset i landet, Eikanger-Bjørsvik.

Også ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er aktiv i musikklivet, i Alversund Kammerkor. Ho seier seg lei for kuttet, som ho likevel meiner er heilt naudsynt.

— Vi hadde et budsjett med langt over 20 millionar i underskot. Det er smerteleg å måtte kutte, men i denne situasjonen må alle bidra, seier Byrknes.

Ho vonar at det skal bli råd til å auke tilskotet til kulturskulen allereie til våren.

— Men eg kan ikkje love noko, seier ordføraren.

Kva er ditt råd til politikarane i Lindås? Sei di meining i feltet under!

Jon Halstein Tjore, Strilen