— Det er trøyttande å måtta reisa seg til kamp for skulen gong på gong, men vi gjev ikkje opp. Skulen er eit av dei sentrale punkta i bygda vår. Ryk den, er det lett for at butikken vert den neste som fer, seier Rune Rønhovde, leiar for foreldreutvalet ved Myking skule, til Bergens Tidende.

Skulen på Myking har 60 elevar opp til 7. klasse, og Rønhovde opplyser at talet ser ut til å halda seg stabilt. Men rådmannen i kommunen vil leggja ned skulen frå neste haust. Same lagnaden har han tiltenkt skulane på Skodvin og Festo. Føremålet er å få balanse i budsjettet.

Planen er å overføra dei 60 elevane på Myking og dei 54 elevane på Skodvin til storskulen på Lindås. Det vil gje alle elevane mykje lengre skuleveg enn i dag. Frå Ones opptil 50 minuttar. Skuleborna på Festo må til Seim eller Alversund. Der vert reisetida opptil 1 time og 10 minuttar for somme, står det i utgreiinga frå rådmann Henrik Flatøy, som legg til at «dette er meir enn tilrådd norm for barneskuleelevar, og det vil bli svært stritt for dei minste borna».

Alt i kveld kjem foreldrerådet saman både på Myking og Festo. På Skodvin er dei òg i gang.

SLUTT NESTE ÅR? Skulen på Myking er 20 år neste år, opplyser leiar i foreldreutvalet, Rune Rønhovde. – Skal vi feira 20-årsjubileet med å senda elevane vekk? undrast han.
FOTO: BJØRN ERIK LARSEN