Det er nesten ingen lenger som hissar seg opp over at formannskapet i Lindås kuttar i kommunebudsjettet rundt koldtbordet på Fleischer's Hotel. Det har vorte tradisjon, som regjeringa sine budsjettkonferansar på Hadeland.

— Meland kommune er óg her, akkurat samtidig med oss, seier den nyvalde Lindås-ordføraren, Tove Brandvik (Ap) til Bergens Tidende.

Ho presiserer at det vert arbeidd hardt, med møte til ut på natta. I ettermiddag skal arbeidet avsluttast, vonleg med eit forslag som det store fleirtalet av politikarane kan samla seg om, slik dei har tradisjon for i Lindås.

Rører ikkje skulen

— Kvar kjem nedskjeringane?

— Vi har laga oss ei liste over ulike måtar å gjera dette på. Men det vert ikkje lett. Vi må ta føre oss ulike tenester og sjå på driftsformene om der er noko å henta der. Alle område må rekna med nedskjering, men samstundes har innbyggjarane i kommune visse grunnleggjande rettar som vi ikkje kan ta frå dei, seier Tove Brandvik.

— I valkampen var alle samde om at skulestrukturen ikkje skulle endrast. Held den lovnaden overfor dei økonomiske realitetane?

— Ja, dessutan er det også sterk tvil om det er noko å henta på ei endring der. Og uansett ville vi ikkje oppnå noko for 2004.

Vonar på budsjettforlik

— Kvar finst det meirinntekter å henta?

— Innføring av eigedomsskatt har vore omsnakka. Men også der er det semje om å la vera. Kommunen tek inn 45 millionar kroner i dag i eigedomsskatt frå verk og industri, det meste frå Mongstad. Å utvida eigedomsskatten til å gjelda også private, ville likevel berre hjelpa oss eit ørlite stykke på veg.

— Kan det hjelpa om regjeringa inngår budsjettsamarbeid med ditt parti - Arbeiderpartiet?

— Då trur eg vi vil koma betre ut, ja. Hadde det gått slik det stod i kommuneproposisjonen i vår, hadde stoda vore ei heilt anna og betre. Men slik statsbudsjettet vart lagt fram, får vi to prosent mindre i inntekt neste år. Eg vonar i alle fall at vi slepp slalåmkøyring når statsbudsjettet skal handsamast i Stortinget.