• Eg har opplevd livsfarlege situasjonar på Danmarks plass. Seier NRK-reporter og pedaltrakkar Linda Eide som i ein petit trur ho kjem til å ende sine dagar her...

Eide syklar frå bustaden i Nygårdsgaten til jobben på Minde. Det betyr dagleg tur-retur gjennom eksoshavet på Danmarks plass.

Alle trur ein syklar til jobben for trimmen sin del. Det er sunnare å ta bussen, seier Eide.

Endelaus rekkje bilar Vi trakkar oppover Fjøsangerveien. Klokka er kvart på åtte torsdag morgon. Eksosen fyller lungene i kvalmande mengder. Det hadde vore like sunt å ligge heime på sofaen og røykje sigarettar. Syklistar i vill fart mot sentrum gjer halsbrekkande manøvrar for å unngå kvarandre og andre medtrafikantar. Den endelause rekkja av bilar gjer livet surt for oss med pedalar.

— Viss fleire hadde sykla, hadde det blitt mindre støv, seier Eide. Ho tykkjer ikkje det er særleg logisk at Bergen, ein by der innbyggjarane i periodar blir råda til å halde seg inne på grunn av urein luft, legg så dårleg til rette for miljøvennlege trafikantar.

— Når det er så vanskeleg å vere syklist, køyrer fleire bil. Då blir det verre for alle. Det blir ein ond sirkel, meiner ho.

Treng meir plass

— Ein klarar å lage vegar for bilar. Då må det gå an å lage vegar for syklar også. Det er ei utruleg viktig sak at vi får meir plass, meiner ho.

Det er ikkje berre eksosen som gjer at Eide står fram for sykkelsaka. Ho har ikkje noko imot bilistar, brukar endåtil bil sjølv stundom.

— Det må vere plass til alle, meiner ho.

— Det blir feil å skilje inn i grupperingane "syklist", "billist" og "fotgjengar". Alle har same interesse i å kome raskast mogleg fram. Poenget er at ein må kunne sykle utan å kome i konflikt med bilane, meiner ho.

Eide sjølv prøvar å vere mest mogleg "bil" som syklist. Ho syklar minst mogleg på fortauet.

— Eg meiner ein må ta mest omsyn til dei mjukaste trafikantane, seier ho, og fortel om skrekkelege opplevingar på sykkelen.

— Ein gong eg skulle heim frå jobb, var det overfylt i alle felt. Eg unngjekk så vidt å bli treft av ein bil, fortel ho.

Parkerte bilar i sykkelfeltet

Ho føler det er farlegast når ho skal heim frå jobb. Heilt til høgre når ein kjem nedover på Danmarks plass, er det laga eit sykkelfelt.

— Det står ofte bilar parkert i sykkelfeltet i rushet. Då oppstår det lett farlege situasjonar. Når ein kjem under brua, går dessutan sykkelstien oppå fortauet. Der er det fullt av fotgjengarar, og i køyrebana er det fullt av bilar, seier ho om skvisinga.

Linda Eide har i spalten sin i Tid og Sted skrive to petitar om dei umoglege sykkelforholda på Danmarks plass. Det eine, "Døden på Dannmarks plass 1", handla om at ho trur ho kjem til å ende sine dagar her. Det andre, "Døden på Danmarks plass 2", handlar om ein tysk reporter som skriv gledesstrålande reportasjer heim frå Bergen, byen der bilane kjem først, menneska etterpå.

SKVISA SYKLIST: – Ein klarar å lage vegar for bilar. Då må det gå an å lage vegar for syklar også, meiner Linda Eide, skvisa syklist i bergensrushet.
FOTO: ØRJAN DEISZ