— Eg kan fylja dei tett, men då blir batteria fort oppbrukte. Eg nøyer meg med registreringar med nokre timars mellomrom, seier Magne Knapstad, bonde og jordbruksskulelærar.

På PC-rommet i våningshuset heime på garden skriv han inn passordet og får opp kart på skjermen. Prikkar og tal på kartet fortel kvar dei går og beitar, Victoria, Finikka, Ødlo, Tyra, Trine, Ane og alle dei andre.

Til saman har han 26 dyr i flokken, kyr, kviger og kalvar.

Bjøllekyr

— Systemet har vore i bruk ei stund på sau. No prøver vi det ut på storfe, fortel Knapstad.

Finikka og Ødlo er utvalde til å bera klave med GPS-sendar. Ødlo lever opp til namnet sitt, vossauttrykk for innpåtrengande, der ho stryk seg opp mot bonden i von å få meir kraftfôr.

Batterieininga er tyngst, og tyngdekrafta syter for at den blir hengande på undersida av halsen. Her kan det i tillegg hengast på ei bjølle. Sjølve sendaren er lettare, og er plassert på klaven slik at han vender opp mot satellittane.

Seks andre kyr er litt lettare utstyrt. Dei har ein UHF-sendar (ultrahøg frekvens, kort rekkevidde) i klaven. Signal frå desse sendarane går via sendarane til Finikka og Ødlo til GPS-systemet. Posisjonen til UHF-sendaren bli oppgitt i høve til næraste GPS-sendar.

Ideelt sett skulle alle individa ha kvar sin sendar, men her kjem ein kostnadsfaktor inn i biletet.

— Vi er inne i ein periode med prøving og feiling. Eg har no bestemt meg for å spandera GPS-sendar på to kyr til. Då har eg sendar på ti av 26 dyr, og er rimeleg godt dekka, sjølv om flokken tidvis kan bli ganske godt spreidd, seier Knapstad.

Kalvane fyljer mora tett og kvigene held seg sjeldan langt unna andre dyr.

Lear på seg

— Kvifor all denne testinga når systemet for lengst er utprøvt på sau?

— Fordi sau og kyr er dyr med svært ulike levemønster. Dersom ein sau ikkje lear på seg i løpet av ein time, får du alarm på skjermen og SMS-melding på mobiltelefonen. Eit slikt oppsett for kyr ville gitt alarmar i eitt sett.

— Fordi kua ligg lenge stille og hjortar?

— Ja, ho kan ligga dørgande stille, både når ho hjortar og når ho kviler, opp til fem timar.

— Korleis kan systemet då fortelja om kua er død, sit fast i ei myr, eller rett og slett har lagt seg nedpå for å kvila?

— Det er nettopp slikt vi prøver ut no, nokre bønder her i krinsen i samarbeid med leverandøren av systemet, fortel Knapstad.

Storebror ser deg

Frå pc-en heime kan han velja kor ofte sendarane på kyrne skal senda signal til satellittane i GPS-systemet, noko som resulterer i ein prikk på kartet. Rette strekar mellom prikkane viser hovudretninga på kua si vandring. Di oftare signala vert sende, dess meir nøyaktig kan ruta fyljast.

Det er lett å finna att kyr som synest at graset er grønare på andre sida, og har stukke av, ut av beiteområdet. Systemet gir posisjonen rimeleg nøyaktig, mindre enn 100 meters avvik.

— Til vanleg kan det vera nok med eit signal kvar sjette time. Det skal prøveperioden finna ut av. Under sankinga kan vi stilla om til 15 minutts intervall. Då er det fort gjort å finna buskapen att, seier Knapstad.

Han har kutta ut mjølkeproduksjon, og satsar på kjøt. Den franske Limousin-rasen er ein god kjøtrase, elegante dyr med mykje kjøt og lite feitt. Dei liknar lite på dei amerikanske genmodifiserte.

PÅ PC: Med GPS-overvaking er det lett for Magne Knapstad på Voss å finne att kyr som synest at graset er grønare på andre sida.
Sævig, Rune
KU-OVERVAKING: Finikka og Ødlo er utvalde til å bera klave med GPS-sendar. Her kan det i tillegg hengast på ei bjølle.
Sævig, Rune