• Vi er veldig glad i Jon Lilletun her hos oss. Vestlandsprofilen må koma sterkare fram i den nye KrF-leiinga, seier Torill S. Nyborg.

Som leiar i Hordaland KrF vil ho på dette stadiet likevel ikkje stå fram og fortelja i klartekst at det er Lilletun som er favoritten hennar. Nyborg vil først overlata til fylkesstyret å drøfta leiarspørsmålet. Det har fått forlenga frist til 8. desember med å fremja kandidat.

Hordaland vert dermed det siste fylket i KrF som tek stilling til kven som bør avløysa Valgerd Svarstad Haugland som partileiar på landsmøtet i Bergen 23. januar. Dei andre fylkeslaga rettar seg etter den opphavlege fristen som er 5. desember.

Hordaland veg tungt

Rådet frå Hordaland KrF, som er det tyngste og sterkaste fylkeslaget i partiet, vil på alle måtar vega tungt når valkomiteen skal gje si innstilling til landsmøtet.

I tillegg til Jon Lilletun, som er parlamentarisk leiar i partiet, er helseminister Dagfinn Høybråten lansert som ny leiar.

Meiningane er sterkt delte frå fylke til fylke, og dessutan innanfor fylka. Etter det Vårt Land skriv, har Høybråten alt fått støtte frå tre av fylkeslaga (Møre og Romsdal, Østfold og Nord-Trøndelag), medan Lilletun skal vera sikra støtte frå dei to Agder-fylka.

Også leiaren i Sogn og Fjordane KrF, Tryggve Lillestøl, har etter det avisa skriv gått inn for Jon Lilletun, medan stortingsrepresentanten frå fylket, Per Steinar Osmundnes, held på Høybråten. Osmundnes er også KrFU-leiar.

Politiske skilnader?

— Det er ingen tvil om at det vil stå mellom Lilletun og Høybråten. Til statsrådens fordel talar det at han er ein del yngre enn Lilletun, og han vert dermed ingen overgangsfigur dersom vi satsar på han. Men det er fleire moment som bør telja med i denne avveginga, seier Torill S. Nyborg.

Ho meiner at det er viktig å få fram kva politiske skilnader der er mellom dei to, både når det gjeld verdiforankring og t.d. synet på EU-medlemskap.

— Det er framfor alt viktig å få ein leiar som er best i stand til å få partiet opp av den bølgjedalen det no er nede i, ein som verkeleg kan begeistra og få veljarane til å koma tilbake, seier Nyborg.

Også Gulen-ordføraren

— Etter mitt syn må vestlandsprofilen koma sterkare fram i partileiinga, for det er her vest KrF har det største potensial. Det er ingen ulempe å velja ein vestlending. Men eg vil dermed ikkje ha sagt at ikkje Dagfinn Høybråten kan gjera ein god jobb, legg ho til.

— Kven vil du ha som ny nestleiar, ved sida av Knut Arild Hareide?

— Vi lyt ha ei kvinne, og ei som er forankra i kommune-Noreg, slik at ikkje heile leiarskapen har rot i det sentrale politiske miljøet i Oslo. Ordførar Trude Brosvik i Gulen - som sit i sentralstyret - vil vera ein god kandidat, like eins varaordførar Bjørg Tysdal Moe i Stavanger.

— Du vonar med andre ord at heile den nye partileiinga skal rekrutterast her vestfrå?

— Nei, det er ikkje realistisk, og heller ikkje ønskjeleg. Det er heller ikkje sagt at vi i Hordaland har bestemt oss for å gå inn for Lilletun i staden for Høybråten, understrekar Nyborg.