— Han spurde ikkje meg om råd før han takka ja, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Per Drageset.

— Det hadde vore naturleg, legg han til.

- Ikkje lurt

Drageset legg ikkje skjul på at han i denne saka vart sett sjakk matt.

— Dette er ikkje det luraste Lidvin Osland har gjort, seier han.

Og årsaka til at fylkesrådmannen reagerer negativt, er at Osland ved å bli styreleiar for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, også vert ugild til å handsama alle søknader om fylkeskommunal stønad til ulike festivalar.

— Alle desse sakene må eg handtera personleg. Det går på at Osland med dette vervet får for mange hattar på hovudet samstundes. Eg har snakka med Osland i dag, og vi har blitt samde om korleis dette skal gjerast, seier Drageset.

— Kan ikkje dette påverka tilliten til handteringa av alle kulturløyvingar frå fylkeskommunen, når fylkesdirektøren for kultur får leiarvervet i ei særs viktig kulturinstitusjon i fylket?

— Eg trur ikkje det blir noko problem slik vi no skal handtera desse sakene, men det viser berre at vi må vera varsame.

Grunna i ti dagar

Lidvin Osland seier til Bergens Tidende at han gjekk og grunna på førespurnaden om å bli styreleiar i ti dagar.

— Eg var i tvil, og det sa eg også til mine medarbeidarar. Når eg ikkje spurde fylkesrådmannen om råd, kan det ha å gjera med at eg visste svaret, seier Osland.

Jussprofessor Jan Fridthjov Bernt seier at det ikkje oppstår automatisk ugildskap for Osland. Og det sjølv om han som leiande kulturbyråkrat i fylkeskommunen blir styreleiar for ein musikkfestival som mottek fylkeskommunal stønad.

— Dette er en skjønnsmessig vurdering. Han har ikke personlige, økonomiske interesser i saken. Mye av dette handler om fordeling av bondens arbeid til bondens beste. Derfor er det ingen opplagt inhabilitet. Men hvis det her oppstår kamp om midlene, bør han fratre og ikke ha noe med saksbehandlingen gjøre, seier Bernt.

Festivalen mottek i år 350.000 kroner frå fylkeskommunen. Dersom festivalen blir nasjonal knutepunktsinstitusjon, må denne løyvinga auka monaleg.