Like før St. Hans fekk entreprenøren Byggekompaniet AS beskjed om å avslutta arbeidet med den nye Lidl-butikken ved Statoil og Rimi på Husnes.

«Multinasjonal arroganse» uttalar Arbeidarpartiets Aksel Kloster om heilomvendinga til det tyske storkonsernet.

— Lidl si framferd bør utløysa ein offentleg debatt om korleis storkapitalen kan ta seg til rette i norske bygdesamfunn, meiner Aksel Kloster, tidlegare ordførar, i dag gruppeleiar for Ap i Kvinnherad kommunestyre.

- Synd for optimismen

— Vi veit enno ikkje om det er ein mellombels eller permanent byggestopp. Det er likevel synd for optimismen i næringslivet i ytre Kvinnherad, seier Brede Grønningen, som leiar Husnes Røyr AS.

Grønningen er breitt engasjert i forretningslivet på Husnes, firmaet hans er óg underentreprenør på Lidl-bygget. Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det Lidl sitt hovudkontor i Oslo som har teke avgjerda om å avslutta byggearbeida. Daglegvarekonsernet vil etter ferien ta endeleg standpunkt til om og når butikken skal fullførast.

Ifølge byggesakskontoret i Kvinnherad gjer ikkje Lidl seg skuldig i noko ulovleg med byggestansen. Selskapet har ein to års frist på seg til å fullføra butikken, eventuelt å overdra tomta til andre interessentar og føremål.

Ok 16.juni

Så seint som 16.juni skreiv eigedomssjef Tommy Guldbrandsøy i Lidl i Bergen søknad til Kvinnherad kommune om løyve til alkoholsal. I søknaden står det at Lidl sin Husnes-butikk skal ha ope alle dagar unnateke søndagar frå klokka åtte om morgonen til åtte om kvelden. Som fungerande styrar er oppført Karsten Rønnning (29) frå Drammen og med Vidar Lileng (24) frå Sarpsborg som nestleiar.

Lidl har levert ein prikkfri alkoholsøknad til Kvinnherad kommune med firmaattest frå Brønnøysundregistrene og skatteattestar på Rønning og Lileng.

— Det er ikkje i tråd med norske forvaltningstradisjonar at anleggsarbeid med store næringsbygg berre vert skrinlagt utan ei offentleg grunngjeving. Kommunen har trass alt akseptert inngrepet og sett inn ressursar på å byggehandsama og godkjenna det aktuelle bygget. Anleggsarbeidet vart igangsett, og det er gjort inngrep i landskapet som vil bli liggjande som sår i naturen, uttalar Aksel Kloster.

Byggeentreprenøren har fått beskjed om å fullføra betongarbeida, jordkle skårningar og grusa parkeringsplassen før tomten blir forleten. Snikrarane som stod klare til å rykkja inn, må truleg finna annan sysselsetjing.