Plansjef Reidar Hatlebrekke i Førde kommune seier til avisa Firda at det ikkje er kome inn merknader mot Lidl-prosjektet i Førde som er «skarpe nok» til å hindre etableringa av billegkjeda. Prosjektet på Hafstad i Førde er kome så langt at det blir opning av den første Lidl-butikken i Sogn og Fjordane i august neste år.

Også på Nordfjordeid blir Lidl teken imot med opne armar i kommunen:

— Lidl vil fungera som eit trekkplaster, og Nordfjordeid vil stå fram som ein meir attraktiv handelsstad med Lidl, seier plansjef Elin Leikanger. Ho tilrår etablering av den tyske matvaregiganten i kommunen.

I Sogndal har Lidl sikra seg kjøpekontrakt på det nedlagde slakterianlegget til Gilde, men den tyske billegkjeda har også to alternative tomteløysingar om kommunen legg hindringar i vegen for etablering av Lidl i bøndene sitt nedlagde anlegg. Kommunen kan bruke forkjøpsretten sin til det nedlagde Gilde-anlegget, for å stoppe Lidl. Gilde-anlegget har stått utan aktivitet i tre år. Det er uklart om kommunestyret i Sogndal veljar å ta alternativet til Lidl, ein «konfidensiell søknad» om luksushotell på slakteritomta, seriøst i den vidare prosessen om Gilde-anlegget si framtid.