ARNE HOFSETH

— Det er ikkje meir enn fire kilometer, påpeikar Lewis Gordon Pugh, og får det til å høyrest kort ut.

Han trur at den tilskiparen som får sett i gang med årlege symjeturar tvers over Sognefjorden, til dømes første helga i august, vil få stor oppslutnad i løpet av få år. Ei slik miniutgåve av symjinga over den engelske kanalen, vil trekka til seg deltakarar frå vide krinsar, meiner Lewis.

— Sjølvsagt må tryggleiken ivaretakast. Det trengst fyljebåt til kvar deltakar, og mannskapet må kunna oppgåva si, understrekar han.

Fire kilometer symjing er litt i overkant av symjinga i den beintøffe triathlon-tevlinga med start i Eidfjord laurdag. Der skal det i tillegg syklast over Hardangervidda (180 km), og springast ein maraton-distanse (42 km) før ein er i mål på Gaustadtoppen, dei siste 17 kilometrane i ekstrem motbakke. Oslofjorden Triathlon (med i Norges Triathlon Forbund) og Eidfjord Idrettslag er tilskiparar.

— Vi synest det er flott at symjedugleik vert fremja, men fire kilometer er eit drygt stykke. Dette er ikkje noko for «alle». Den som vil gje seg i kast med slikt må vera flink til å symja, ha god kondisjon og førebu seg grundig, seier regionsleiar Bjørn Amundsen i Redningsforbundet, Region Vest, til Bergens Tidende.

UTFORDRING: Langdisdansesymjaren Lewis Gordon Pugh får god mottaking av bygdefolk medan han sym Sognefjorden på langs No utfordrar han sogningane til å symja fjorden på tvers.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH