— Nei, det var ikkje mykje vits i å gå til politiet, seier Frank Fredriksen oppgitt.

Denne historia tek til førre fredag. Kona til Fredriksen driv eit parfymeri i Sogningen Storsenter i Sogndal. Etter fleire tjuveri har dei nyleg investert 40.000 kroner i overvakingsutstyr.

Om ettermiddagen ringjer ein av dei tilsette til Fredriksen, skriv Sogn Avis. Ho har mistanke om at ein butikktjuv har vore på ferde, og vil at Fredriksen skal sjekke overvakingskameraet.

«Bagatellsaker»

Same ettermiddag kjem den mistenkte tilbake til butikken. På veg ut blir han stoppa av Fredriksen og ein medhjelpar, som tek tjuven med seg inn på kontoret.

Dei ringjer til politivakta, men får klar beskjed: Vedkomande har berre telefonvakt, og ikkje lov til å rykke ut på slike bagatellsaker.

Fredriksen tek deretter kontakt med ein kjenning i Securitas, som hentar inn personalia på den mistenkte. Mannen nektar for alt, hevdar at han har kjøpt varene tidlegare på dagen og kasta kvitteringa.

- Flaut

Men Fredriksen meinte han hadde gode bevis, og følte seg på trygg grunn. Måndag føremiddag leverte han videoopptak, fotos og det han meinte var tjuvegods inn på politikammeret over gata.

Seinare på dagen møtte han den mistenkte tjuven på senteret, og tok han like godt med seg til politistasjonen. Men dei kom aldri lenger enn til resepsjonen. Politimannen i vakta gav klar beskjed om at det er politiet som driv etterforsking.

— Politiet tok seg ikkje ein gong bryet med å snakka med den mistenkte tjuven. Den mistenkte lo av meg då me gjekk, fortel Fredriksen.

- Flaut

— Eg var sikker på at politiet ville ta meg på alvor, når eg stilte med sikre bevis og gjerningsmann. At det ikkje skjedde, føltest flaut og ekkelt, seier Fredriksen til BT, som såg mistenkte på senteret seinast i går.

— Heile episoden er ei oppfordring til folk om å rydde opp sjølve - at det er det politiet eigentleg vil.

Lensmann Olav Borlaug seier til avisa Sogn Avis at han beklagar, dersom Fredriksen føler seg dårleg behandla, men presiserer at politiet må få gjere ting på sin måte.

— Me kan heller ikkje alltid forklare offentleg kvifor me gjer dei vala me gjer, seier Borlaug.