— Han hadde ein kunde på ei øy utanfor Molde som kjøpte mykje, sa politietterforskar Tor Egedahl, som har vore hovudetterforskar i saka mot 35-åringen.

. Kan du plassere 35-åringen innanfor narkotikamiljøet i Nordfjord, spurte aktor, statsadvokat Bjørn Soknes

— Alt tyder på at han har vore ei veldig sentral brkke. Ferdes rundt, tar kontakt med brukarar, alleseier som ein rød tråd at det er han som har vore den sentrale, sa Egedahl. – Og komunikasjonskontrollen avslører at han er veldig aktiv. Og han gjekk aldri tom i den perioden vi avlytta han. – Det var aldri tomt!

Ifølgje politimannen yte 35-åringen alltid god service: Kjørte ut og leverte, hadde alltid stoff og gav kreditt til dei som ikkje kunne betale straks.

— Andre typer stoff enn amfetamin, ville Soknes vite.

— Hasj og heroin er aldri nemd, kun amfetamin og litt tablettar, svara etterforskaren.

Les også: Tiltale basert på plastposar