Åkrafjorden

Gaute (2) og Guro (5) plaskar i bassenget, høner og kaninar spankulerer side om side innanfor murane som står att etter ei løe. Det er høgsommar på Eintveit på Åkrafjordens solrike nordside.

— Etter at Eintveit blei fråflytta i 1963, har garden vore brukt som feriestad. No har vi tenkt å tilbringa på ein litt utvida ferie her, seier Åslaug Ytrenes (33), som for ein periode på eit år eller to har flytta til Åkrafjorden saman med mannen Dan Roger Ytrenes (35), dottera Guro og sonen Gaute.

Etter fleire års opphald i Oslo og på Lillestrøm har familien lagt bak seg byen til fordel for einbølte Eintveit, som er eigd av mor til Åslaug.

Friluftskurs

Ytrenes-paret har ikkje tenkt å leva eit slaraffenliv på garden som ligg på ei frodig hylle 200 meter over Åkrafjorden. Dan Roger er sjukepleiar og skal jobba deltid ved Odda sjukehus.

Åslaug har sagt opp billetteringsjobben på Gardermoen, og har saman med mannen konkrete planar om å tilby kurs i friluftsliv for barnefamiliar på Eintveit.

— Ungar er ikkje så vanskelege å få ut i naturen. Utfordringa er å inspirera foreldra til å gjera det same, seier Dan Roger og Åslaug.

Løa på Eintveit er innreidd som forsamlingslokale. Her heldt det nye vertskapet sitt eige bryllaup med 70 gjester.

Gard sidan vikingtida

For å nå Eintveit må ein i båt over Åkrafjorden. Planen om vegutløysing mot Åkra kom aldri lengre enn til ei einsleg bru i 1963.

På garden var det drift sidan rundt år 800 og fram til svartedauden i 1349. Først i 1550 kom folk tilbake til gardane i Indre Åkrafjorden.

I dag er Eintveit med som stopp på Åkrafjorden Oppleving sine guida turar.

— Det er ein fin pakke. På ein måte vidarefører vi det som svigerforeldra mine dreiv med. Det har alltid vore gjestfritt på Eintveit, seier Dan Roger Ytrenes.