Den imponerande sjukehusaksjonen samla langt fleire enn heile folketalet i Hardangerbyen.

Meldinga til helseminister Dagfinn Høybråten i det solfylte vårvêret var grei:

— Med klarare politisk styring kunne vi vore på fjellet i dag. Han må avblåsa dette vaset, så vi slepp å bruka hausten til protestmarsjar også, sa primærlege Steinar Jakobsen.

Samstundes demonstrerte 1500 i kuling, snøfokk og haglbyer i vesle Sandnessjøen i Nordland.

Landsforeining neste

LO i Odda og omland har teke til orde for å skipa ei landsomfattande folkerørsle for lokalsjukehusa. Saman med eit halvt dusin gjestar frå aksjonsgrupper frå Narvik, Mosjøen, Stokmarknes og Harstad, skal det i Odda i dag utarbeidast ein plan for vidare framdrift. Fleire av dei går inn for felles internettsider og ei stormønstring framfor Stortinget i vår.

Også Tromsø-professoren frå TV-debatten i NRK tysdag. Mads Gilbert, er med. Han var imponert over det han opplevde i Odda i går, og trøkket i den folkelege protesten som no går frå landsende til landsende.

Han åtvara mot å forlanga omkamp om helsereformen. Lokalsjukehusa kan berre bergast ved å plassera ansvaret der det høyrer heime, hjå regjering og Storting. Jondal-ordførar John Skogseth opplyste at Arbeidarpartiet har teke standpunkt for lokalsjukehusa, og skal no drøfta strategiar for å få fleirtal i Stortinget.

Kloster på stortromma

Dei 11 samfunnsstøttene i Aksjonsgruppe 11, deriblant ordførarane i distriktet, stilte med redningsvestar i redningsaksjonen for sjukehuset.

Dei hadde god greie på korleis mikrofonen skulle brukast. Aller flinkast til å utbasunera bodskapen, var Aksel Kloster frå andre sida av Folgefonna.

Tilsynelatande høggravide Gro Tyssedaltveit synte sine talent som stand-up-komikar og leverte på sine måte eit høgaktuelt og treffande innlegg i debatten. Raudruss Erik Mikkelsen ytra forakt for den «blårussen» i helsestyra som vil fjerna beredskapen mot russetida sine helsefårer, magepumping og spjelking av knekte bein.

Mange var opptekne av helsedrifta etter føretaksmodellen. Administrerande direktør Stein A. Ytterdal i Outokumu Norzink meinte at næringslivsfolk fleste forstår seg betre på kostnader og samanhengar enn styra for helseføretaka.

— Odda har ein industri som ikkje går heim til middag klokka fire. Han går 24 timar i døgeret 365 dagar i året med stor tonnasje, tunge løft og flytande væske med høg temperatur. Utfordringane ligg i enorme kostnader knytt til sjukefråvær, sa Ytterdal.

Ran

Vidar Våde takkar akutten ved sjukehuset i Odda for at han overlevde ei arbeidsulykke.

— Dei som vil legga ned akuttberedskapen i distrikta, må vera klar over at folk døyr som fylje av avgjerda deira. Dei er ansvarleg for drap, hevda han.

Våde var uroa over ei samfunnsutvikling verdiar vert rana frå folket som har bygt det opp. Slik er det med straumprisane, der folk må betala leige for nettet dei sjølv har vore med å bygt.

Sjukehusa vart bygde opp av fylkeskommunane, er overtekne av Staten, som vil legga dei ned. Det var ikkje meininga.

Og fisken, som var allemannseige, vert konfiskert og utdelt som kvotar. Dei som skaffar seg nok kvotar, blir søkkrike.

Odda har eit sjukehus som fungerer godt saman med Haugesund, Stord og Valen. Dei har ingen venteliste, ingen korridorpasientar og driv med overskot. Det er ingen grunn til å legga ned akutten. Overlege Terje Hansen viste til at norske sjukehus har fleire pasientar enn vi har kapasitet til. Nedlegging av lokalsjukehusa, vil gje større trafikk av pasientar til Tyskland og Polen. Tillitsvalde Bjørn Arild Fjellsbø hadde registret ynskje om å bygga fleire store sjukehus i storbyane.

ý Hardanger ropar ikkje i utrengsmål, men vi kan ikkje godta det overgrepet vi no vert utsett for, sa John Skogseth frå Jondal.

NEI TIL NEDLEGGING: Sjukehusaksjonen i Odda samla langt fleire enn heile folketalet i Hardangerbyen. Godt over 4000 demonstrerte i går mot nedlegging av sjukehuset i Odda.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH