Klokka er blitt litt over 19 i festsalen. Men i dag er det ingen her som tenker på fest.

Dekan Eva Marie Halvorsen kveikjer eit lys som har slokna.

— Både studentar og lærarar har reagert med sjokk og sorg. Men også med sinne. Den reaksjonen kom då politiet fortalde oss at dei ikkje kan utelukke noko kriminelt. At vi ikkje skal kunne gå trygt til og frå jobb her i Førde, er vel ein tanke vi aldri har tenkt. Fleire har også fortalt at dei er engstelege, seier Halvorsen.

Melding søndag kveld

Søndag kveld fekk leiinga ved høgskulen melding om at Anne Slåtten var meld sakna. Alt same kvelden blei studentane som budde saman med henne i bukollektivet i Hamretunet samla i Røde Kors-bygget i Førde sentrum.

— Dei som budde saman med Anne var sjølvsagt dei som kjende ho best. Mellom dei har det vore svært sterke reaksjonar, fortel Halvorsen.

Høgskuleavdelinga i Førde valde i går å skjerme studentane mest mogleg. Alle studentane som budde i Hamretunet er innkvartert på andre stader i Førde, ettersom politiet har stengt og plombert bukollektivet.

Klokka ti i går morgon blei alle studentane samla til informasjonsmøte på skulen. Då var også politiet til stades, og fortalde kva dei på det tidspunkt visste om saka.

— Sidan vi ikkje visste noko sikkert då, forsøkte vi å gjere dagen så vanleg som råd.

Fortvila pårørande

Men det endra seg fort. Like etter klokka 12 frakta ein politibil foreldra og kjærasten hennar til høgskulen. Berre minutt seinare blei Anne Slåtten funnen død i eit lite skogholt ved Angedalsvegen i Førde sentrum, mindre enn ein kilometer unna. Like etter at 23-åringen var funnen, kom politiet til skulen og fortalde dei pårørande om funnet som var gjort. Til stades var også sjukehuspresten.

— Dei pårørande er sjølvsagt fortvila. Dei syns det som har skjedd både er grusomt og uforståeleg. På same tid har det også vore fint å møte dei. Det har vore sterkt å sjå at dei i si eiga sorg, også har greidd å syne omsorg for dei som var den avdødes næraste vener her ved skulen, seier Halvorsen. Via politiet har dei pårørande gitt beskjed om at dei ikkje ønskjer å snakke med media.

Etter at politiet hadde fortalt dei pårørande om funnet av kvinna i Angedalsvegen, blei studentane og dei tilsette ved skulen informerte.

— Vi har gjort daglegstova om til møterom for studentane. Her har dei fått høve til å snakke med oss lærarar og med sjukehuspresten. Svært mange har tatt turen innom. Det er heilt tydeleg mange som har hatt eit behov for å snakke om det som har skjedd, fortel Halvorsen.

Minnestund i dag

Like til klokka 2300 i går kveld var lærarar til stades på skulen for å snakke med elevane. Også natt til i dag stod leiinga parat på telefon.

— Vi har ein beredskapsplan utarbeidd for slike tilfelle, og har søkt å følgje den så godt som råd.

I dag er all undervisning avlyst. Førsteårsstudentane er no midt inne i eksamensperioden. Skulen vil prøve å utsetje eksamen i dei tilfeller det er råd.

— Det seier seg vel sjølv at det ikkje er så lett å konsentrere seg om studiar etter noko slikt som dette, seier Halvorsen.

Utanfor høgskulen heng flagget på halv stang. Det gjer det også når det klokka 12 i dag blir halde minnestund i festsalen på høgskulen. Der skal også dei pårørande delta.

Då skal det på ny tennast lys. For eit ungt liv som har gått tapt.

TIL MINNE: Dekan Eva Marie Halvorsen kveikjer eit lys for sjukepleiestudent Anne Slåtten. Klokka 12 i dag blir det minnestund i festsalen på høgskulen.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH